Eit nytt aktivitets- og skuleår ligg framfor oss. Indremisjonen har no to tilsette ungdomsarbeidarar med ansvar for den praktiske avviklinga og utviklinga av Origo Ungdomsklubb, Norheimsund & Øystese Ungdomskor, KRIK, bibelgrupper/ husfellesskap og andre kreative/ utadretta arrangement. Dette for å nå ut til og bevare ungdommane i Kvam. Me ynskjer å setje ein kurs og finne ut kvar vegen skal gå vidare; Korleis kan me best mogleg utvikla arbeidet i tråd med vår visjon?
Fortsett å lese «Leiarsamling i Origo UNG»
Har du leiker til overs?
Fjelltun-møte i Norheimsund
Ungdomsgudsteneste
Laurdag 28. mai arrangerer Origo og Øystese sokneråd ungdomsgudsteneste i Øystese kyrkje kl. 20.30. Sokneprest Lars Arne Vik leier gudstenesta. Det blir nattverd, kollekt og allsong. Norheimsund & Øystese Ungdomskor syng. Etter gudstenesta vert det sal av grillmat på stranda. Alle er hjarteleg velkomne!
Krik-året 2010/ 2011
Her kan du sjå ein liten videosnutt med litt av det som har sjedd i Krik-regi i 2010/ 2011. Velkomen tilbake på Krik til hausten!
Avslutningstur med Krik
17. mai – fest
Bedehusbasaren
Bedehusbasaren til Norheimsund Indremisjon blir i år fredag 29. april kl. 18.30. Loddsalet startar ein halv time før. Andakt ved Tor Øystein Holm. Det blir loddsal i Straumen i veke 14 og på Coop Prix i veke 14, 15 og 17. Har du gevinstar til basaren, kan du ta kontakt med leiar i basarkomitéen, Øyvind Kleven, på telefon 56 55 17 22 eller 95 85 19 74. Du kan óg bruka epost oyvind.kleven@kvamnet.no. Bedehusbasaren er viktig for drifta av bedehuset i Norheimsund. Ta med vener og kjente og kom på basar 29. april!
Storsamling sundag 10. april
Sundag 10. april blir det storsamling i Norheimsund bedehus kl. 16.00 (NB! merk tida!). Me får besøk av generalsekretæren i Indremisjonsforbundet (Imf), Erik Furnes. Han skal tale om temaet «Fellesskapet – gleder og utfordringar». Etterpå vert det samtale om emnet i mindre grupper. Det er som vanleg eige opplegg for borna. Etter samlinga er det kveldsmat i kjellaren. Velkomen!
Nepalkveld i Norheimsund Bedehus
Ei gruppe på 13 frå Norheimsund og Øystese var i mars på tur til Nepal. Me besøkte Ragnhild og Tore Skeie som er utsendingar for HimalPartner (tidl. Tibetmisjonen). Me fekk eit innblikk i HimalPartner sitt arbeid på nært hald, og høve til å sjå ein del av landet. Tysdag 12. april kl. 19.30 vil me formidla inntrykk frå turen gjennom ord og bilete. Øystein Ådland har andakt og Lars Arvid Oma syner bilete. Det vert høve til å gje ei gåve til HimalPartner sitt arbeid.