Evangeliseringshelg med Open Air Campaigners

Fredag 4. mai og laurdag 5. mai vert det evangeliseringshelg med Open Air Campaigners (OAC) i Norheimsund bedehus. Gateevangelist Hartvig Kloster (biletet) frå Danmark er talar og seminarhaldar. Det vert møte fredag kveld kl. 20.00. Laurdag blir det seminar kl. 10.00 og møte kl. 20.00. OAC er ein verdensomspennande tverrkyrkjeleg evangeliseringsorganisasjon. OAC ynskjer å bringe evangeliet ut til dei som ikkje trur på Jesus og utruste forsamling/ kyrkjelyd og enkeltpersoner til evangelisering. Alle er hjarteleg velkomne!

Gruppe frå ungdomskoret syng med Øystese Musikklag

Laurdag 28. april kl. 17.00 skipar Øystese Musikklag til vårkonsert i Øystese idrettshall. Dei har invitert med seg Norheimsund & Øystese Ungdomskor og kulturskulebandet Bandit. På grunn av konfirmasjonstid klarar ikkje ungdomskoret å stille med heile koret. Ei gruppe beståande av 10-12 songarar og band skal vere med. Ungdomskoret oppmodar folk om å kome på konserten!

Bedehusbasar

Fredag 27. april er det klart for årets bedehusbasar i Norheimsund bedehus. Basaren startar kl. 18.30. Det vert loddsal frå kl. 18.00. Martha og Edgar Paulsen deltek med andakt og song. Det vert åresal, hovudtrekning og kaffiøkt. Alle er velkomne!

Spre litt glede!

Fyrste sundag etter påske, 15.april, vert det storfamiliesamling i Øystese idrettshall. Ulike barne- og ungdomskor i Kvam har eit fellesprogram under tittelen “Spre litt glede!” og syng i tillegg eigne songar. Therese Glendrange frå Flekkefjord har andakt. Ho er ny direktør for Normisjon sitt arbeid i Mali, og har arbeidd mykje blant barn og unge t.d. med sundagsskule og leirarbeid. Kom og lat deg inspirera av Therese og barn og unge i Kvam! Ta med heile familien, besteforeldre og barnebarn, naboar og vener! Arrangør er Storsamlinga, Norheimsund og Øystese Indremisjon. Velkomen!

Fortsett å lese «Spre litt glede!»

Ungdomsgudsteneste i Øystese på fredag!

Fredag 13. april kl. 20.00 arrangerer Origo Ungdomsklubb og Øystese Sokneråd ungdomsgudsteneste i Øystese kyrkje. Lars Arne Vik er prest. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song og musikk. Det vert bønevandring og nattverd. Etter gudstenesta inviterer Origo til kafe i Øystese bedehus. Alle er hjarteleg velkomne!

IMS-familieleirar på Brandøy og Helgatun

Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Indremisjonssamskipnaden (IMS) har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli. Påmeldingane er alt komen i gang. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gangane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.

Fortsett å lese «IMS-familieleirar på Brandøy og Helgatun»

Treng du forbøn?

Kvar onsdag morgon kl 08.00 er det bønemøte i kjellaren i Øystese bedehus, i regi av Øystese Indremisjon og Øystese kyrkjelyd. Me kan be for deg! Treng du forbøn eller har du eit bøne- eller takkeemne, kan du senda ein e-post til Hans Kristian Bjelland (hkbjel@broadpark.no). Me vil be for deg og/eller det du vil me skal be for når me samlast.