Mitt møte med bedehuset…

n-omdomme-bedehus3«Jeg vet at noen blir glad de gangene jeg kommer, men jeg ser det aldri på dem. De sier det heller ikke til meg. Si det, vis det! For meg blir terskelen høyere og høyere for hver gang jeg er så veldig synlig usynlig!» Dette er henta frå eit brev skrive av ei kvinne i sitt møte med bedehuskulturen. Aktuelt tema for alle forsamlingar! Les brevet og delta i debatt på sambåndet.no.

Aktivitetsklubb treng nye leiarar

timeout2Aktivitetsklubben Time Out er for born i 5. – 7. klasse. Klubben har samlingar annankvar onsdag kl. 17.30 – 19.00 i Norheimsund bedehus. På grunn av auke i medlemstalet treng Time Out fleire nye leiarar. Kan du tenkje deg å bli med? Ta kontakt med Geir Johnny Undal (tlf. 93217879).

Krik Kvam 20 år!

jubileumsplakat 20Krik Kvam vart starta sommaren 1993 og feirer 20års-jubileum i 2013. Laurdag 28. september kl. 19.00 inviterer Krik til jubileumsfest i Norheimsund bedehus. På programmet står mellom anna: historiske tilbakeblikk, festtale v/ Arne Opsahl-Engen, musikalske innslag, leikar/ konkurransar, koldtbord (med både varm og kal-kun…) og informasjon om Krik si gjevarteneste. Du som har vore medlem av Krik Kvam ein eller annan gong er spesielt velkomen. Festen er gratis, men det vil bli tatt opp kollekt til Krik. Pga. matservering må me ha påmelding. Meld deg på til Vidar Sangolt (epost: vidar.sangolt@imf.no / tlf.: 92444897) eller Bent Inge Bentsen (epost: bentingebe@hotmail.com / tlf.: 99210126) innan 20. september. Velkomen!

Storsamling i Norheimsund

lovaas_hans_thore_16_01Sundag 1. september kl. 17.00 er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Norheimsund bedehus. Temaet for samlinga er «Elska og sendt». Hans Thore Løvaas, tidlegare internasjonal leiar i Normisjon kjem. Helga Almenning syng for oss. Det blir barneopplegg og kveldsmat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!

Alphakurs

Logo_full_colour_150dpiØnskjer du å snakka med andre om kristendommen? Alpha-kurset er eit ope kurs over 11 kveldar utarbeidd av Nicky Gumbel, frå Holy Trinity Church i London. Kurset gjev innføring i kva kristen tru er. Kvelden startar med kveldsmat, så kjem ei undervisningsøkt og samtale i grupper. Kursbok og hefte følgjer med. Mange har erfart at opplegget er eit godt møtepunkt for samtale om viktige spørsmål. Midt i kurset vert det arrangert ein weekend i nærområdet. Då kan ein kombinera tur ut i det fri med undervisning, samtale og fellesskap. Kurset startar opp i Øystese over nyttår og vil ha undervisarar frå Kvam og Bergen. Arrangørar er kyrkjer og organisasjonar i Kvam, eit felleskristent tiltak for dei ulike bygdene i Kvam. Kontaktpersonar er: Lisbeth F. Oma, sokneprest Lars Arne Vik, Anne L. Bjelland og Eli S. Tveitane. Meir info kjem seinare…

Oppstart i ungdomskoret

DSC_0292Mandag 26. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Klart for Sommarens storsamling i Norheimsund!


IMS sitt årsmøte vert arrangert i Norheimsund dette året. Fredag brakar det laus med opningskonserten «Gla’song» i Norheimsund idrettshall. På konserten får me oppleve ungdomskoret Respons frå Ålesund, Kjell Strømme, Linn og Knut Inge Røen, husorkester og forsongarar. Laurdag er det klart for opningsmøte og forhandlingar på Framnes før stemnet fortset med familiekonsert med Tore Thommassen, stormøte og korkonsert. Sundag er det festmøte og familiemøte i hallen. Det blir eige barne- og ungdomsopplegg heile helga. Heile programmet finn du her. Lokale arrangørar er Norheimsund Indremisjon, Øystese Indremisjon og Tørvikbygd Indremisjon. Velkomen til Norheimsund!