Julekonsert i Norheimsund

Julekonsert 13 plakatTorsdag 5. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. I tillegg til ungdomskoret deltek vokalgruppa Poco Rubato (Ranveig Bjelland, Åslaug Sætrenes, Nancy Karine Sangolt, Anna Mette Klyve, John-Sindre Sætrenes, Magnus Hisdal, Gaute Klyve) og David Almenning. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen!

Vellukka Rejoice!

Rejoice 2013 blei arrangert helga 8. – 9. november. Nesten hundre ungdommar var samla til møte, konsertar og seminar. Tema var «Glede». Her kan du sjå ein liten videosnutt frå fredagskvelden på Rejoice.

Ungdomstur til Helgatun

18. – 20. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.

Paul Grønseth – konsert på Rejoice


Helga 8. – 9. november arrangerer Origo UNG ellevte utgåve av ungdomskonferansen Rejoice! I år er det Paul Grønseth som skal ha hovudkonserten fredag kveld. Kanskje ikkje navnet er så kjent? Men du har kanskje høyrt songen «Alt til deg», eller «Nåde»? Paul Grønseth er mannen bak mange av dei songane som er mest brukt i moderne bedehussamanheng. Og det blir fantastisk bra! Han har med seg eit band beståande av Bjørnar Sangolt (gitar), Arnt Thyve (synth), Ingve Kjosås (tangentar), Vegard Voldsund (trommer) og Vidar Sangolt (bass). Konserten startar etter kveldsmøtet kl. 22.30. Billettar kostar kr. 150,- og kan kjøpast ved inngangen. Konserten er gratis for dei som har deltakarpass på Rejoice. Les meir om Rejoice her.

Nyoppussa hovudsal i Norheimsund bedehus

IMG_3639zNo er arbeidet med oppussing av hovudsalen i Norheimsund bedehus stort sett ferdig. Resultatet har vorte svært bra og me har fått mange gode tilbakemeldingar. Hjarteleg takk til alle som har vore med og bidrege på ymse måtar, både praktisk og økonomisk, slik at dette arbeidet kunne gjerast! Her kjem ei lita oversikt over kostnadar med dette arbeidet.

Fortsett å lese «Nyoppussa hovudsal i Norheimsund bedehus»

Me ynskjer oss fleire medarbeidarar!

dddReingjeringa av Norheimsund bedehus er gjort på dugnad i over 20 år. Mange har vore med heile tida. Nokon har slutta, nye har kome til. I sum har talet gått ned. I dag deler 30 personar på oppgåva. 2 i lag, 2 – 3 timar 2 gonger kvar veke, dvs. med 15 veker mellom kvar gong. Arbeidsmengda varierer etter aktiviteten i bedehuset. Etter at me fekk teppefliser i vår vert det meir støvsuging og mindre mopping, noko som lettar arbeidet. Me er svært takksame for dei som brukar av fritida si til dette arbeidet. Men me ynskjer oss fleire medarbeidarar, slik at det vert litt lenger mellom kvar gong. Dugnadsarbeidet sparer truleg indremisjonen for godt over kr. 100.000 i året, som laget elles måtte skaffa. Har DU høve til å delta i dette dugnadsarbeidet? Ta kontakt med Olav Helleve, tlf. 911 22 640, eller epost: rag-he@online.no