Som kjent er det vedteke å fornya bedehuskjøkenet. For å få ned kostnaden ynskjer me mest mogeleg gjort på dugnad. Då treng me dugnadsfolk, og me håpar at du kan vera med å delta – på din måte. Oppstart vert onsdag 6. januar 2016. Me vil ha 2 faste dugnadskveldar i veka: Onsdag og torsdag kl. 17.30 – 20.30, med kaffipause kl. 19.00. Dei som har høve til det kan og arbeida på dagtid. Me legg til grunn at mange kan delta, slik at innsatsen kan fordelast og arbeidet gjennomførast snøgt. Du må sjølv bestemme kor mykje. Meld ifrå (jo før jo heller) til Olav Helleve, tlf. 911 22 640 eller: rag-he@online.no. Sei ifrå om nokon av dei faste dagane ikkje høver, og om du også kan arbeida på dagtid. Kan nokon stilla med kaffi / kaffimat kl. 19.00? Når me får deltakaroversikt fordeler me styrken på dugnadsdagane framover. Arbeidsoppgåvene vert naturleg nok varierte; riving, snikring, maling m.v. Vel møtt! Husstyret i NIM. Her kan du sjå teikningar av nytt kjøken.
Ungdomsmøte 30. oktober
Fredag 30. oktober kl. 20.00 er det klart for nytt ungdomsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert song og musikk, konkurransar og andakt av Fredrik Gravdal. Etter møtet blir det kafe og aktivitetar i kjellaren. Alle er velkomne! Her kan du sjå aktivitetsplan for Origo hausten 2015.
Ung messe-storsamling 25. oktober
Sundag 25. oktober kl. 17.00 slår NIM/ ØIM og Den norske kyrkja saman storsamling og gudsteneste og lagar Ung messe-storsamling i Norheimsund kyrkje. Samlinga vert leia av sokneprest Lars Arne Vik og kateket Marna Roer. Det vert andakt ved Helge Kvamme frå NLM, song av ungdomskoret, kollekt og nattverd. Det blir også eige opplegg for borna. Samlinga vert avslutta med kveldsmat for alle. Velkomen!
Inspirasjonssamling
Onsdag 21. oktober kl. 19.00 blir styremedlemmer og leiarar i dei ulike laga som er tilknytta Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon invitert til inspirasjonssamling i Norheimsund bedehus. Me får besøk av Helge Nilsen. Han snakkar om «Grupper som lukkast!». Helge brukar si erfaring som talentutviklar i Sportsklubben Brann, inn i vår kristne samanheng. Det vert også tid til pause enkel servering og samtale om arbeidet.
«Når krisa rammar»
Tysdag 27. oktober kl. 19.30 i Norheimsund bedehus fortel Ragnhild og Tore Skeie frå jordskjelvkatastrofen i Nepal i vår, som dei opplevde på nært hald. Som HimalPartner sine utsendingar gjennom mange år har dei no avslutta sitt arbeid i landet. På møtet vert det kollekt til HimalPartner sitt arbeid i Nepal. Enkel servering. Velkomen!
Ole Abel Sveen til Norheimsund
Velkomen til songmøte i Norheimsund bedehus søndag 11. oktober kl.11.00. Då får vi besøk av Ole Abel Sveen som har vore her i området for ein del år tilbake. Han har m.a. vore forkynnar, generalsekretær og reiseleiar for turar til Israel. Det som er fint med Ole Abel er at han har stor sans for den gode salme- og songskatten vi har. Den formidlar han vidare på ein glimrande måte. Vi gled oss til å høyre han fortelje om og synge dei kjære songane.
Ungdomsweekend på Helgatun 16. – 18. oktober
16. – 18. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.
Me syng i lag…
Foredrag med Lill May Vestly
Fredag 2. oktober og lørdag 3. oktober kjem Lill May Vestly til Norheimsund. Fredag skal Lill May ha foredrag under årets «Kvammmaveko» om «Familien i samfunnsklemma», kl. 20.00 i amfisalen på Norheimsund barneskule (gratis inngang). Lørdag blir det foredrag om «Adam og Eva i samfunnsklemma», kl.11.00 i Norheimsund bedehus. Her blir det også tilbod om barnepass for alle aldersgrupper under foredraget. Barnepass startar frå kl 10.45. Etterpå, ca kl 12.30 inviterar me til felles grautmåltid for alle som vil. Det blir tatt opp ein kollekt etter foredraget. Eit eventuelt overskot går til nytt kjøkken i bedehuskjellaren. Foredraga til Lill May er unike, omtalte og etterspurte, og vekkjer, underheld og inspirerar! Begge foredraga er veldig aktuelle, om du er vant til å gå på bedehuset eller ikkje. Så dette er ein kjempefin anledning til å invitere med deg nokon du kjenner! Her kan du lese litt meir om Lill May Vestly og referansar frå hennar foredrag. Her kan du lese litt meir om Lill May Vestly og hennar virke. Velkommen!