Sundag 2. april kl. 19.30 blir Lukasevangeliet framført av Martin Gabrielsen og Elisabeth Huseby (Ungdom i Oppdrag) i Øystese bedehus! Dei to er på turné for å formidle Lukasevangeliet utanåt på 90 minutt. Framføringa skjer på nynorsk. Det er gratis inngang og kollekt. Arrangør er Øystese Indremisjon. Alle er velkomne!
Krik og Origo på curlingtur!
Fredag 24. mars reiser Krik og Origo til Iskanten i Loddefjord for å spele curling. Det blir speling i to timar. Etterpå blir det pizza og brus før me vender tilbake. Avreise er kl. 16.00 frå Norheimsund bedehus og prisen er 350 kr. Me reknar med å vere tilbake i Norheimsund om lag kl. 22.30. Ein bør ha varmt og ledig tøy (4 grader i hallen) og helst flate sko (låner såler til bruk på isen). Påmelding til Bent Inge Bentsen, tlf: 99210126. Påmeldingsfrist er torsdag 23. mars. Det er begrensa antall plassar så det gjeld å vere tidleg ute med påmelding. Velkommen!
Bra resultat for basar!
Forsamlingskonferanse i Norheimsund 18. mars
IMS arrangerer forsamlingskonferans 18. mars i Norheimsund bedehus. Her vert det fokus på viktige tema, erfaringsutveksling og samtale, og sal av mat. Me oppmodar spesielt lags- og foreiningsleiarar med sine styre til å prioritera dagen, men konferansen er open for alle, så spre vidare til aktuelle i di bygd. NB! Me håpar at også mange barne- og ungdomslagsleiarar vert med på konferansen. Sagt av deltakar på førre konferanse: «Eg ville ha med meg denne konferansen for å få oss til å tenkja nytt, og få med meg noko til nytte heime». Det var også sagt under undervisninga at «viss din draum er å nå/vinna di bygd, skjer det ikkje ved tilfeldighet». Me treng både bøn og kunnskap om korleis dette kan skje. Velkommen til innhaldsrik dag! Klikk her for påmelding.
Kalvenes til Norheimsund!
Håkon, Rakel og Samuel Kalvenes kjem til Storsamlinga i Norheimsund sundag 19. mars kl. 17.00. Håkon (35) kjem frå Austevoll utanfor Bergen. Han vaks opp i ein familie saman med sju søsken. Seinare gjekk han på Framnes vidaregåande skule. Han har hatt ulike tenester og teke vidare utdanning. Dei to siste åra har tjent som pastor i Whistler Community Church i British Columbia, Canada. No bur han saman med kona Rakel og sonen Samuel i Hemsedal. Kjekt å få dei på besøk igjen!
Mange nye bidreg i Øystese Indremisjon!
På årsmøtet i Øystese Indremisjon fredag 3. februar vart det valt nytt styre for ØIM. Harald Kjosås (biletet) vart vald til leiar. Andreas Ølfarnes er nestleiar og Reidun Teigen er økonomiansvarleg. Øvrige styremedlemmer er Stian Kreken Almeland, Bent Inge Bentsen, Egil Gammelsæter og Richard Longo. Anna Mette Hals Klyve er varamedlem. Me er svært takksame for at nye unge krefter har blitt med i styret og ser lyst på framtida til Øystese Indremisjon!
ØIM har i tillegg sett ned ei gruppe på fire personar som skal sjå på vidare bruk av barnehagedelen etter at leigeperioden med Kvam herad går ut om fem år. Representantar her er Hans Atle Soldal, Helga Vestrheim Tolo, Kjell Dysvik og Harald Kjosås. I styret for Øystese bedehus sit Erland Brennsæter, Harald Kjosås og vaktmeister Egil Gammelsæter.
NMS med årsmøte og basar
Basar? Gammaldags? Kanskje, men i våre dagar då digitale medier overtek både kommunikasjon og vennetreff, trur eg me treng ein stad å sjå kvarandre. Godt å slå av ein prat over kaffikoppen, gi ein klem, og få ein klem. Eit varmt håndtrykk og eit smil gjer underverk. Andakt, song og musikk er og godt å oppleva. Me får og vera med å gi økonomisk støtte til ein misjonsorganisasjon som har djupe røter i Norheimsund/ Vikøy. Fortsett å lese «NMS med årsmøte og basar»
Seminar i Norheimsund
«Stå sterke i stormen» er tema på seminar over tre tysdagskveldar i Norheimsund bedehus i mars. Stig Magne Heitmann, fagleg leiar i Åpne Dører, er seminarhaldar.
Han skriv: «Helt fra urkirkens tid har kristne opplevd forfølgelse. I dag er forfølgelsen mer global enn noen gang tidligere. Kristne må lære hvordan de skal kunne være sterke i stormen. De som får undervisning om dette før stormen kommer, står alltid sterkest. Forførelsens fare har også alltid fulgt kirken som en skygge. Den er minst like farlig og utfordrende som forfølgelsen». Det vert ikkje teke seminaravgift, men høve til kollekt på møta. Målet er å få inn kr. 150,- pr. deltakar/samling. Seminaret vil ha undervisning i to bolkar med pause og lett bevertning. Norheimsund Indremisjon står som arrangør, men kollekten går til Åpne Dører sitt arbeid. Boka «Stå Sterke i Stormen» kan kjøpast på møta (kr. 250,-). Møtedatoar: 7. mars, 14. mars og 21. mars kl. 19:00 (NB! Merk tida). Velkomen!