Sundagstreff 11. oktober
Sundag 11. oktober blir det Sundagstreff i Øystese bedehus kl. 11.00. Denne gongen blir det tale av Vidar Grindheim. Det blir TREFF barnesamling og kaffi og is etterpå. Kollekt blir det også :-). Hugs å registrer deg ved inngangen. Er du sjuk eller har luftvegssymptom, er du velkomen ein annan dag! Velkomen!
Sundagstreff i Øystese – avlyst!
Sundag 27. september blir det Sundagstreff i Øystese bedehus kl. 11.00. Denne gongen får me besøk av Kåre Johan Hamre frå IMS. Det blir TREFF barnesamling og kaffi og is etterpå. Kollekt blir kun på Vipps. Hugs å registrer deg ved inngangen. Er du sjuk eller har luftvegssymptom, er du velkomen ein annan dag 🙂 Velkomen!
Sundagstreff 13. september
Alle er velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 13. september kl. 11.00. Egil Gammelsæter talar og det blir husorkester og forsongarar som vanleg. TREFF barnesamling startar opp att denne dagen. Etter møtet blir det is og kaffi til alle som vil vere igjen. Er du sjuk eller har luftvegssymptom er du velkomen ein annan dag :-). Klikk her for informasjon om smitteverntiltak.
Bibeltimar i Norheimsund og Øystese i haust
Denne hausten blir det bibeltimar i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus tysdagar kl. 19.30. Egil Gammelsæter har gjennomgang av Johannesevangeliet i Øystese. Arne O. Øystese, Øystein Ådland og Audun Aase skal gå gjennom 1. Petersbrev i Norheimsund. I tillegg skal Audun Aase ha ein bibeltime om bibelmeditasjon. Velkomen til bibelundervisning!
Rutinar for smittevern – Norheimsund bedehus
1. Alle arrangement skal ha éin leiar for samlinga og éin person som skal sjå til at smitteverntiltak vert gjennomført.
2. Ansvarleg leiar for smittevern passar særleg på følgjande reglar:
a. Folk med luftvegs-symptom skal ikkje delta.
b. Håndvask eller spriting ved inngang og utgang skal gjennomførast av alle.
c. Hald 1 m avstand til dei andre.
3. Éin skal føra registrering av deltakarar med namn og telefonnr. (til foreldre når det er barn som deltek). Ansvarleg leiar tek vare på lista i to veker for evt. smittesporing.
4. Inntil vidare skal det ikkje serverast mat, om ikkje anna er avtala med NIM.
5. Det skal informerast om smittevernreglane for dei frammøtte på arrangementet. Særleg skal det informerast om at viss nokon får stadfesta Covid-19, må dei gje melding til ansvarleg leiar for arrangementet straks.
Ansvarleg for arrangement har følgjande reinhald etter samlinga:
Tørk over med ein godt oppvridd klut med vanleg vaskemiddel/vatn: armlen, dørhandtak, mikrofonar (forsiktig), andre tekniske apparat(forsiktig) og andre flater, samt vaskar på toalett som er brukt. Me anbefalar at ein ikkje brukar toaletta i andre etasjar enn det arrangementet er i.
Me er takknemlege for alle som bidreg for å skapa trygge og smittefrie samkomer på bedehuset! Om de har spørsmål, kontakt leiar Eli S. Tveitane (47 30 89 81).