Medlemsmøte og ekstraordinært årsmøte for NIM

Tysdag 16. mars kl. 19.30 i Norheimsund bedehus.

Ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret.

Årsmøtesaker: val av vararepresentant, budsjett 2021 v/Tore Skeie

Samtale om arbeidet, framhald frå årsmøtet  v/Eli S. Tveitane

  • Erfaringar frå tida med nedstenging i 2020.
  • Satsingsområda 2021, sjå årsmelding

Innleiing om konfirmasjon v/Sølvi Mongstad og Brit Voster

Svært enkel servering

Set av kvelden og ver med på å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera!  Velkommen til samtale, mat og prat!

Helsing styret for NIM v/Eli S. Tveitane

Allesamansamling i Norheimsund

Velkomen til Allesamansamling igjen søndag 7.mars kl 11.00 i Norheimsund 
bedehus!

Andakt ved Arne O. Øystese

Felles barnegruppe.

Dørene opnar kl 10.45, max 100 eller til det er fullt når me følgjer 
smittevernrestriksjonane.

Velkommen!

Sundagstreff i Øystese 28. februar kl. 11.00

Sundag 28. februar blir det endeleg samling i Øystese bedehus igjen! Det blir andakt av Arne O. Øystese og TREFF barnesamling. Det er no mogleg å samle inntil hundre personar. God avstand mellom personar/ familiar gjeld framleis. Er du sjuk eller har symptom er du velkomen ein annandag 🙂

Nytt styre i Norheimsund Indremisjon

Dette er det nye styret i Norheimsund Indremisjon.
Leiar: Eli Tveitane
Styremedlemmer: Solveig Norheim, Åslaug Bjelland Sætrenes, Mirjam Eide Gravdal og Vidar Grindheim.
Varamedlem: Herdis Austevoll (2. vara). 1. vara skal veljast på ekstraordinært årsmøte 16. mars.

Husstyret består av Synnøve Farnes Flaten, Sissel Svåsand, Ingrid Selvik Undal, Hans Gravdal, Arthur Strømme (1. vara) og Ole Håland (2. vara).

TREFF på tvers

I kveld skjer det! Her på bedehusweb.no kl. 18.30. Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon sender direkte frå Øystese bedehus. Programmet er variert og blir presentert av våre eminente programleiarar Sølvi Mongstad og Geir Johnny Undal. Herdis Austevoll har andakt og me gler oss til å høyre song frå Lisa Grane Hisdal og Nancy Karine Sangolt. Fredrik Gravdal har tørka støvet av tryllestaven sin og det blir intervju med ulike personar.

Video blir lagt ut her på sida og startar nedtelling kl. 18.20 slik at alle har god tid til å koble seg på.

Nytt styre i Øystese Indremisjon

På det digitale årsmøtet til Øystese Indremisjon, onsdag 17. februar, vart fylgjande styre valt; Vidar Sangolt (leiar), Sarah-Linn Black, Miriam Sørheim Almeland, Randi Sæleset, Nils Gunnar Oma, Richard Longo, Bent Inge Bentsen, Jakob Haaberg og Andreas Ølfarnes (vara). Det nye husstyret består av Hans Solberg Sandven, Egil Gammelsæter, Vidar Stensletten Eik og Daniel Gammelsæter.