
Gamle NØUK-plater tilgjengeleg for streaming!
Frå før har du kunna lytta til NØUK-platene «Når freden lander stilt» (2021) og «Fast som fjell» (2019) på alle digitale streamingtenester. No finn du også platene «Bound by His Spirit» (2012), «Streets of Gold» (2005), «Open the Gates» (2000) og «Stjernebru» (1997) der! Du kan kose deg med heile 89 korsongar i over fem og ein halv time!! Her er det mykje historisk sus – frå 1997 og fram til i dag. Info om dei ulike innspelingane finn du her. Enjoy!
Haustprogrammet for Øystese bedehus!
Hausten er i emning og me startar opp att med Sundagstreff i Øystese bedehus 21. august! Det blir i alt åtte Sundagstreff i haust. I tillegg inviterer me til møtehelg med John Roger Nesje 30. september – 2. oktober og Trygve Bjerkrheim-kveld laurdag 29. oktober! Meir info om desse arrangementa kjem. Velkomen til Øystese bedehus – me håpar å sjå mange på arrangementa!

Sommarope
Når det meste er sett på pause i ferietida, kan det vera godt å koma saman til ei delestund i bedehuset. Eit enkelt opplegg med å koma saman, dela eit bibelord og livserfaring, lytta og be i lag, er det me inviterer deg til å vera med på tysdagskveldar i sommarhalvåret kl. 20.00. Inviter med deg ein ven og kom! «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei», Matt. 18.20.
Velkommen til enkel samling om Guds Ord og bøn i Norheimsund bedehus!
Datoar: 28. juni, 5., 12. ,19. og 26. juli, 2., 9. og 16. august
Sommarens Storsamling 17. – 19. juni

Endeleg kan me igjen samlast til Sommarens Storsamling! 17. – 19. juni 2022 brakar det laus på Framnes i Norheimsund. Me vonar du har høve til å vera saman med oss denne helga. Påmelding finn du her!
Det vert ei storarta helg med program for både liten, middels og stor. Som du ser av programmet så byrjar me fredag 17. juni med konserten «Fast som fjell» der ulike lokale bidrasytarar får formidla eit sentralt og flott bodskap om Gud. Lokal komitè jobbar iherdig for at arrangementet skal gli best mogleg for deltakarane. Husorkester blir leia av vår eigen lokale Vidar Sangolt, som har fått med gode krefter på song og musikk. Laurdag kveld gler me oss også til solo av Benjamin Andreas Røen.
Både laurdag og søndag har me vore så heldige å få med oss Asbjørn Kvalbein. Han er nok for dei fleste kjent gjennom Norea Mediemisjon og som forkynnar. Nokre har kanskje til og med ei andaktsbok av han i heimen. Asbjørn er ein dyktig bibelformidlar som formidlar med enkle ord og bilder som gjer sjølv vanskelege ting mogleg å forstå.
Laurdagen startar med barnas sommarfest og bibeltime for oss andre. Det er også duka for utsendingsmøte på laurdagen, meir om det finn du HER. Medan dette pågår er det eige program for barn og unge. Du ser godt i plakaten kva som gjeld for kva aldersgruppe. Programmet for ungdom er frå 8. klasse og oppover.
Laurdag kveld får me besøk av Daniel Sæbjørnsen. Daniel er tilsett i Tro og Medier der han mellom anna driv Preach.no. Han er også pastor i eit fellesskap på Åsane i Bergen. Daniel er ein energisk kar med eit hjarta for at andre skal få møta Jesus.
Søndag er det søndagsskule for barna og bibeltime for oss eldre. Så avsluttar me Storsamlinga med ei storsamling der me er samla alle saman. Her blir vår eigen Marit Andresen Røen med oss. Det er eit kjent navn for mange av oss, både store og små. Marit er ei smilande og engasjert dame med eit hjarte for at menneske skal få bli kjende med Jesus, ho er også eit ansikt mange forbinder med leir.
Hjarteleg velkommen på Sommarens Storsamling 17.-19. juni!
Opptak frå bibeltimar i Efeserbrevet våren 2022
Også i vår har Egil Gammelsæter hatt bibeltimar i Øystese bedehus. Tema denne våren har vært Efeserbrevet. Oppmøtetid har vært tysdagar klokka 19.00.
Her er link til speleliste på YouTube med desse opptaka. God lytting.
Vil du bli fast gjevar?
Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon nyttar gjevarteneste gjennom Indremisjonsforbundet (ImF). Her får du 22% skattefrådrag for gåver på inntil kr. 25.000,- pr. år. Dette blir sendt direkte til skattemeldinga di. Enkelt og greit! Du kan til og med betale med Vipps dersom du ynskjer det
Norheimsund:
Norheimsund Indremisjon – barne- og ungdomsarbeid
Norheimsund Indremisjon – generell
Kontaktperson NIM gjevarteneste: Solveig Norheim – tlf. 99452967/ epost: solnorheim@gmail.com
Øystese:
Øystese Indremisjon – barne- og ungdomsarbeid
Øystese Indremisjon – generell
Kontaktperson ØIM gjevarteneste: Bent Inge Bentsen, tlf. 99210126/ bentingebe@hotmail.com
Gjevar kan sjølv endre si gjevarteneste på «Min side» – evt. på epost: imf@imf.no eller tlf. 56314240.