Har du finklede til overs?

På julemessa 19. november i Norheimsund bedehus, vil vi i år prøva noko nytt: Sal av brukte finklede og finsko til tida vi snart går inn i. Har du eller nokon du bur med vakse ut av julestasen frå i fjor eller året før…? Eller kanskje har du noko fint som ikke er aktuelt for deg lenger, men som andre kan få gleda av? Då kan du levera det vaska (og helst stroke) til Kristin Vistvik (41 38 29 97) i Norheimsund eller Ingrid Selvik Undal i Vikøy (48 26 56 60) t.o.m. onsdag 16. november. Avtal tid! Torsdag 17. november er vi på bedehuset frå kl. 18.00 – 21.00, så då er det mogeleg å levera klede og sko der og. Inntektene av salet går til NLM, og det vi eventuelt ikkje får seld blir gitt vidare til «Plant et tre» i Øystese. Ta ei opprydning i klesskapet, så gier du noko bra både for deg sjølv og andre!

Helgatun-weekend

18 – 20. november blir det Helgatun-weekend for medlemmer i ungdomskoret og Origo. Det blir eit knallbra program med bibeltimar, aktivitetar, underhalding, korøving m.m. For deg som ikkje går i koret vil det vere alternativt opplegg under korøvingane. Fullstendig program og info om påmelding finn du her. Bli med 🙂 PÅMELDINGSFRIST 14. november!

Trygve Bjerkrheim – kveld i Øystese laurdag 29. oktober!

Diktaren Trygve Bjerkrheim skreiv over 15000 dikt i løpet av si levetid. Dikta hans, og tekstane som har vorte til songar lever i høgste grad den dag i dag i kyrkjer og kristne forsamlingar. Songen «Det er makt i de foldede hender» vart spelt mykje på radio på femtitalet, ønskekonserten, og er dermed ein av dei mest kjende songane som står att.

Stiftinga Trygve Bjerkrheims venner har som hovudoppgåve å forvalta dikta og songane etter Trygve Bjerkrheim. Det vart difor i 2018 gitt ut ei songbok der ein samla ulike songar etter diktaren. Ulike komponistar i Noreg vart utfordra til å laga nye melodiar til både kjende, og mindre kjende tekstar. Songboka heiter «Himmelbru» og inneheld i alt 411 songar – både kjende og mindre kjende.

Laurdag 29. oktober kl. 19.30 arrangerer stiftinga ein songkveld i Øystese bedehus. Her kjem songar frå boka «Himmelbru» til å bli framført, og ein kan kjøpa denne. Styreleiar i stiftinga, Harald Myklebust, kåserer om Bjerkrheim sitt liv og virke. For anledninga vert han også dirigent for mannskoret Laudamus denne kvelden. I tillegg til Laudamus deltek andre ulike lokale krefter både med song og musikk. Det vert òg mykje allsong. Arne Pareli og Ragnhild Nesse kjem som soltistar utanfrå. Søndagen deltek gjengen på søndagsmøtet der Arne O. Øystese talar, også dette på Øystese bedehus.

Ein håpar at folk frå ulike bygder i Kvam og omegn tek turen innom bedehuset i Øystese denne helga!

Bøne- og inspirasjonshelg for kvinner på Wallemtunet

Lørdag 12. november – søndag 13. november 2022 vert det inspirasjonshelg for kvinner med fokus på bøn. Me samlast i nydelege omgjevnader på Wallemtunet, Kvamskogen til fellesskap, felles bøn, stille, undervisning, bønevandring inne og ute m.m. Oppstart laurdag kl 12.30 og samlinga varer til søndag kl 15.00. Deltakaravgift kun kr 400 (éi overnatting). Me tek med oss litt mat kvar, du får meir detaljert plan ved å ta kontakt med ein av oss i komiteen. PÅMELDINGSFRIST: 3. november til est@bushsoft.com eller 47 30 89 81 Eli S. Tveitane (NB. Me bør vera minimum 15 deltakarar for å vera på Wallemtunet). Inviter med deg andre og bli med til fellesskap og bøn!
Arr.: NIM v/Herdis Austevoll, Ragnhild Skeie og Eli Tveitane

Norheimsund Indremisjon 150 år!

Norheimsund Indremisjon (NIM) markerer 150 års jubileum 23. oktober 2022 med fest i bedehuset. Dessutan vert 150-års jubileumsskriftet klart til lansering på jubileumsfesten.

Jubileumsskriftet
Øystein Ådland har ført pennen med stødig hand til det som vert eit flott jubileumsskrift på nær 100 sider, trykt på godt papir og med foliert omslag. Layout og trykking har Glynt as (Øystese) stått for. Stoffet inkluderer litt om bakgrunnen for oppstarten i 1872, om barne- og ungdomsarbeidet, om song og musikkliv  inkludert ein større bolk om Norheimsund og Øystese Ungdomskor, om samarbeid med kyrkja, om fellesskapsbygging, og om visjon for framtida. Teksten er supplert med rikhaldig foto-materiale, og tek med artige historier, intervju og faksimilar som vi trur speglar både spøk og alvor. Skriftet skildrar det omfattande kristelege kulturarbeidet arbeidet som har pågått i bedehuset over åra, og litt om kva fotavtrykk dette har sett. Mange i bygda vil finna ein av sine nære, kjende eller seg sjølve att i innhaldet, og kanskje reflektera litt over dette etterpå.

Lansering
Boka vert trykt i 300 eksemplar, og lanseringa skjer på jubileumsfesten 23. oktober, minstepris 200 kr/eksemplar. Vi vonar at mange i bygda, både medlemer og andre, kjøper både eitt og fleire eksemplar av boka. Kan dette verta ei meiningsfull julegåve i 2022?
Førehandstinging kan gjerast til Tore Skeie, mobil 900 77 001, trskeie@gmail.com.
(ved evt postsending treng vi namn og postadresse)