Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Norheimsund Indremisjon

Det blir ekstraordinært årsmøte for Norheimsund Indremisjon tysdag 23. mai kl. 19.30 – 20.30 i bedehuset. Sak: val av styrelem og varalem. Valnemnda har no fått kandidatar som gjer at styret vert fulltallig, men desse må formelt veljast av årsmøtet. Vidar Grindheim har sagt ja som styrekandidat og Kari Skeie ja som varalem. Dette vert ei kort samling, men det vert litt kaffi med noko attåt (for dei som har tid). Mogleg at det også vert kort informasjon om ny leiarstruktur i laget.

Bøne-inspirasjonshelg for kvinner

Det vert bøne-inspirasjonshelg for kvinner 6. – 7. mai hos Haugen Dalseth i Herand. Temaet er: «Sjå, eg skaper noko nytt!» Jes. 43,5. Med eit ønskje om å koma saman i bøn og lovsong og inspirera kvarandre, anten me er mange eller få der me bur, inviterer me til denne helga. Me reknar med at det kjem kvinner frå ulike deler av Hardanger og området rundt. Inviter med deg vener og bønepartnerar og kom! Det er lagt opp til overnatting hos Reidun Dalseth og Christina Tolaas. Du kan lesa meir om programmet og påmelding her. PÅMELDINGSFRIST: 24. april til est@bushsoft.com eller 47 30 89 81 Eli S. Tveitane. Velkomen til bøn og fellesskap!

Påskevandring i ord og tonar i Øystese

Søndag 26. mars kl. 17.00 kjem radio- og tv-pastor Gunnar Ferstad i P7 Kristen riksradio til Øystese bedehus saman med vokalisten Katrine Skjold og eit band frå Straume Forum på Sotra. Dei inviterer til ei vandring gjennom dei forskjellige dagane i påskehøgtida. Bibeltekstane og kjende påskesongar er dei berande elementa. Det vert både allsong og solosong. Mange kristne julesongar vert framleis mykje brukte, men påskesongane får ikkje alltid den merksemda dei fortener; «Påska rommar dei mest sentrale hendingane i den kristne frelseshistoria. Samstundes er det blitt ei høgtid då mange ikkje er heime. Derfor ønskjer vi å løfte fram påskeforteljinga i ei konsentrert form. Vi håper det kan rette merksemd mot innhaldet i dagane som kjem». Fri entré. Kollekt til P7 Kristen riksradio. Dette arrangementet vil erstatte sundagstreffet som normalt er kl. 11.00. Me håpar mange tek turen, for dette blir bra!

Tekstformidlar: Gunnar Ferstad
Vokal: Katrine Skjold
Tangentar og kor: Øyvind Blom
Bass: Kristian Blom
Trommer: Tor Håvard Wiig
Gitar: Tore Hjalmar Sævik
Kor: Kristin Fjeldskaar
Lyd: Vidar Sangolt

Misjonsmøte med historisk sus!

Fredag 24. mars kl. 19.00 skal NMS si kvinneforening ha misjonsmøte i Norheimsund bedehus. Øyvind Haarr blir med og fortel historia om kvinneforeningane i «Vikør Sogn», som det heitte i 1846. Det var det året det starta. Ei spanande reise frå den tida då kvinnene hadde med ull, kardar og rokk på foreningsmøta. Dei sette av heile dagen til desse møta. Kom og høyr! Det blir også ein liten basar og sjølvsagt foreningskaffi med noko godt attåt. Velkomen!