CD-utgjevingar

STJERNEBRU (1997)
Den fyrste CD-en Norheimsund & Øystese Ungdomskor gav ut var «Stjernebru».
CD-en vart innspelt i Øystese bedehus våren 1997. Dirigent var Audun Galtung.

Musikarar:
Piano: Halfdan Otto Torpe
Gitar: Vigleik Norheim
Bass: Vegard Kjosås
Trommer: Sjurd Skutlaberg

Mini- og Aspirantkora frå Norheimsund og Øystese song nokre av songane.
Dirigent i Norheimsund minikor var Alvhild Strømme, og Aina Valland dirigerte Norheimsund aspirantkor.
Margrete Lid Kjosås dirigerte kora frå Øystese. Vidar Sangolt, Nils Gunnar Sortevik og Alvin Vestrheim var teknikarar.

OPEN THE GATES (2000)
«Open the Gates» var den andre CD-en som vart utgjeve.
Ein del av songane var henta frå musikalen «Crown Him!» av Graham Kendrick.
Audun Galtung var dirigent.
CD-en vart spelt inn i Øystese Bedehus i november 1999 og januar/februar 2000.
Framsida av cdcoveret er teikna av Bodil Eide Laupsa.

Musikarar:
Piano: Lars Gunnar Solsvik
Gitarar: Bjørnar Sangolt
Bass: Vegard Kjosås
Trommer/perkusjon: Sjurd Skutlaberg

Teknikarar under opptak var Trond Håkon Olsen, Nils Gunnar Sortevik og Vidar Sangolt.

STREETS OF GOLD (2004)
Etter eit år med auka medlemstal og ny dirigent, var det på tide med ein ny cd. Dette var den tredje cden til Norheimsund & Øystese Ungdomskor.
Innspelinga føregjekk våren 2004 i Øystese bedehus og dirigent var Nancy Karine Eikeland Sangolt.

Musikarar:
Piano: Silje Kristine Bachmann
Akk-gitar/munnspel: Sondre Sandven
El-gitar/tamburin: Olav Øygarden
Trommer: Gjermund Neteland
Bass: Asbjørn Skeie
Synth: Vidar Sangolt
Fiolin(12): Audun Galtung
Piano(3,12): Nancy Karine Eikeland Sangolt

Produsent var Vidar Sangolt.

BOUND BY HIS SPIRIT (2012)
Åtte år etter sist plate vart det ny innspeling i 2012! Innspelinga vart gjort av dirigent Vidar Sangolt i Øystese bedehus. Kyrkjeorgel på «Deg å få skode» vart spelt inn i Norheimsund kyrkje. Vidar Sangolt er ingen organist, men han er kreativ! Så dette løyste han med å spele inn i to omgangar; først med manualen oppe, før han fjerna krakken, sat på kne og trykte inn basslinjene med hendene ;-). Ein kan også nemne at Hans Kristian Bjelland krydra innspelinga ved å spele introen til «Da Jesus satte sjelen fri» på sag (!). Songen «Fader vår» skreiv Vidar Sangolt til denne innspelinga.

Musikarar:
Piano: Gaute Ulltang
Trommer: Bård Sørheim
Bass: Torstein Bjelland
Synth: Jens Kristian Bjelland
Saksofon: Knut Nedkvitne
Perkusjon: Oddvar Ulltang
Gitar/ fiolin: Audun Galtung
Gitar: Christian Fonneland
Synth/ kyrkjeorgel: Vidar Sangolt
Sag: Hans Kristian Bjelland

Miks/ mastering: Bjørnar Sangolt

Coverdesign: Beate Augestad
Produsent: Vidar Sangolt

FAST SOM FJELL (2019)
Frå 2016 har ungdomskoret framført påskekonserten «Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon» ei rekkje stader i landet. Ein reknar med at over tre tusen personar har fått oppleve konserten. I 2019 blei konserten til cd og fekk namnet «Fast som fjell», oppkalla etter Erik Hillestad og Sigvart Dagsland sin nydelege song! Innspelinga gjekk føre seg i Øystese bedehus. Dirigent og produsent var Vidar Sangolt.

Musikarar:
Tangentar: Vidar Sangolt
Tangentar: Ole Marcus Løkhammer
Tangentar/ tuba: Ingmar Lid
Trommer/ perkusjon: Oddvar Ulltang
Trommer: Tomas Undal
Bass: Vidar Sangolt
Bass: Brynjolf Lid
Kornett: Rannveig Utne
Saksofon: Embrik Nyborg
Trombone: Isak Almenning
Gitar: Bjørnar Sangolt

Coverdesign: Øyvind Nyborg
Miks og mastering: Bjørnar Sangolt
Produsent: Vidar Sangolt

NÅR FREDEN LANDER STILT (2021)
I koronaåret 2021 spelte ungdomskoret inn si første juleplate. Trygve Bjerkrheim sin tekst «Den signa englesong» fekk ny melodi, skriven av Vidar Sangolt, til denne innspelinga. Det er mange songar av nyare dato på plata, men ein frisk versjon av gode, gamle «Mitt hjerte alltid vanker» er avslutningsspor. Innspelinga gjekk føre seg i Øystese bedehus. Dirigent og produsent var Vidar Sangolt.

Musikarar:
Trommer: Vegard Eikeland Sangolt
Kornett/ fiolin: Bahram Øvrehus
Tverrfløyte: Andrea Sæle
El.gitar: Bjørnar Sangolt
Tangentar/ bass/ kontrabass/ el.gitar: Vidar Sangolt

Produsent: Vidar Sangolt
Miks: Bjørnar Sangolt
Mastering: Torgeir Kinne Solsvik
Coverdesign: Bodil Eide Laupsa