Lover for Øystese Indremisjon, gjeldande frå 1/1 1951, vedtekne på årsmøtet 8. januar 1951 med ymse tilleggsendringar på grunnlag av vedtak den 31/12 1950.
§ 1
Øystese indremisjonslag har til føremål å vekkja og nøra eit sant og kristeleg liv innan kyrkjelyden.
§ 2
Dette målet vil ein freista å nå ved å halda oppbyggingsmøte, bønemøte, samtalemøte og ved innbyrdes å kveikja kvarandre til kjærleik og gode gjerningar, alt i samsvar med Guds ord og vår evangeliske lutherske vedkjenning.
§ 3
Lagslem av Øystese indremisjon er kvar som i liv og lære vedkjenner seg til den lutherske kyrkja si lære, og eller melder seg inn i laget og betalar eit årleg tilskot på minst 1 – ei – krone.
Dersom nokon i 2 år – to år – ikkje har betalt sitt tilskot til laget sin kasserar, vert han å stryka som lagslem.
§ 4
Lagsstyret skal vera på 5 medlemer. Dessutan er formannen i indremisjons-ungdomslaget med som fast – sjølvskriven medlem.
Halvparten av styret står på val kvart år etter tur. Årsmøtet vel kvart år formann ved beinveges val, men styret vel seg i mellom nestformann og kasserar. Lagsverksemda vert leia av styret.
§ 5
Styret skal:
a) – sjå til at dei som reiser som forkynnarar, er pålitelege og kristne, har godt vitnemål for lære og liv, og at dei er utrusta med dei nådegåvene som er naudsynte for deira arbeid, og i det heile leia verksemda som fastlagt i § 2.
b) – i slutten av kvart år å kalla i hop til årsmøte der det vert framlagt årsmelding og rekneskap, og dessutan halda val etter § 4.
c) – Laget står innmeld i Sunnhordland, Hardanger og Voss indremisjons-samskipnad, og skal til denne yta eit årleg tilskot. Storleiken vert å fastslå på kvart årsmøte.
Til årsmøtet i samskipnaden vert det å velja så mange utsendingar med varamenn som er fastsett i samskipnaden sine lover.
d) – Styret har dessutan å stella på forsvarleg vis med laget sin eigedom, og syta for vedlikehald og rett bruk til oppbyggingsmøte, bønemøte, samtalemøte, og elles til verdslege føremål såframt dei ikkje står i strid med indremisjonen sine lover.
§ 6
Endringar i desse lovene kan skje på eit årsmøte med 2/3 – to tredjedels – fleirtal av dei frammøtte lemer. Framlegg til endringar av lovene må vera kunngjorde minst 1 – ein månad – føre årsmøtet.