Velkomen til dugnad i Øystese bedehus onsdag 24. april kl. 17.00!
Det vert dugnad i Øystese bedehus onsdag 24. april kl. 17.00 og utover.
Vasking, rydding og meir står på programmet. Vel møtt!
Det vert is og kaffi.
AlleSamanSamling – 14.april kl. 11 – Norheimsund Bedehus
Medlemsmøte for Øystese Indremisjon 10. april
Onsdag 10. april kl. 19.30 inviterer Øystese Indremisjon til medlemsmøte i Øystese bedehus. Det blir orientering om stoda og invitasjon til gode innspel for framtida. Samtale om arbeidet. Enkel servering. Velkomen!
Kvinnenettverk i Kvam
Neste samling: sundag 28. april kl. 19.00 i Øystese bedehus.
Kvinnenettverk i Kvam er for kvinner i alle aldrar. Me ynskjer å gje Gud æra, gje Han rom og plass i liva våre. Med nettverket håpar me at kvinner vert inspirerte til å ta Gud på ordet i sine liv og med dette vera lys og salt i kvardagen.
Samlingane vert i Øystese bedehus. Det vert lovsong, vitnesbyrd, bøn og mat. Ta med ein liten rett (oppskåren frukt, ost og kjeks, liten tapasrett, eller noko anna du har lyst til å ha med – berre ein liten rett. Om du av ulike årsaker gløymer/ ikkje har anledning til å ta med deg noko er du sjølvsagt veldig velkomen uansett!)
Facebook-arrangement:
Kvinnenettverk i Kvam (facebook.com)
Det vert og samling 26.05.
Vel møtt! 🙂