Kulturkveld i Norheimsund kyrkje – 1000 år med kristenretten

Forfattar Bjørn Sortland vitjar Norheimsund kyrkje tysdag 3. september kl. 19.00 i samband med den store nasjonale markeringa av 1000 år med kristenretten.

Bjørn Sortland er kjend som ein produktiv barne- og ungdomsbokforfattar, som og nett har gitt ut «Moster iz da thing», ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024 – då Olav den heilage sette ting på Moster.

Boka er lettlest og gøy – trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan, og starten på demokratiet i Noreg.

I Norheimsund kyrkje vil Bjørn falda ut kva som skjedde for 1000 år sidan, men også spør kva følgjer det som skjedde for 100 år sidan har for oss i dag.

Bjørn Sortland er fødd i Bergen og oppvaksen på Svortland i Bømlo kommune. Han er utdanna sosionom og har jobba som forfattar på heiltid sidan 1998. Han studerte ved Skrivekunstakademiet i Bergen i 1990–1991 og debuterte som ungdomsbokforfattar året etter.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken, Kvam bibliotek og Vikøy sokneråd.

Samtaleleiar er biblioteksjef Ragna Helene Soldal.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Ungdomssalen i Norheimsund bedehus utleigd til AOF-undervisning

Frå 19. august og fram til jul vil ungdomssalen nede i Norheimsund bedehus vera utleigd til AOF (Arbeidernes opplysningsforbund) si språkundervisning måndag til fredag kl. 9-15.  Dette betyr at andre som brukar salen må vera klar over at ikkje kan bruka romma i kjellar eller lagra ting der utan avtale. 20-25 elevar vil dagleg nytta nedre inngang og nytta salen, bordtennisrommet og toaletta.  Me vonar dette kan fungera godt for dei å bruka bedehuset ein del av dagen det vanlegvis står tomt. 

Dette vil medføra litt rydding, som styret vil finna ei løysing for.  JuniorVing og Origo skal kunna nytta salen som før.  Sofaene vil verta plasserte langs vindusveggen, og 10-12 bord framfor lerretet. Me vonar at folk som nyttar bedehuset kan vera med å leggja til rette for at det kan verta ei god løysing for leigetakarane.

Har de spørsmål? Ta kontakt med Tore Skeie (90077001) eller Eli Tveitane (47308981).

Ny forsamlingsarbeidar i Øystese Indremisjon!

Øystese Indremisjon har fått på plass ny forsamlingsarbeidar! Solveig Hosøy er tilsett i 30% stilling frå 1. august. Ho overtek jobben til Vidar Sangolt som har auka stillinga si i administrasjonen i Kvam kulturskule. Vidar held fram med ungdomskoret.

Solveig Hosøy er 36 år og kjem frå Arna. Ho har lang erfaring med forsamlingsarbeid og er eit kjent ansikt i Indremisjonsforbundet (ImF). Kvar sommar er ho leirsjef ved Lyngdal bibelcamp og ho har sju år bak seg som tilsett ved Helgeland folkehøyskole i Nordland. No kjem ho frå jobben som avdelingsleiar på Danielsen Ungdomsskule Frekhaug. Solveig skal også jobbe som lærar ved Norheimsund Friskule og i ein stilling som arrangementsansvarleg i Nordhordland Indremisjon. Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke arbeidet vårt! Arbeidet til Solveig vil bl.a. bestå i å koordinere og utvikle forsamlingsarbeidet i Øystese. Ho kjem til å jobbe tett med styret i ØIM.

Du kan møte Solveig på Sundagstreff i Øystese bedehus 18. august kl. 11.00!

Me ynskjer Solveig varmt velkomen til oss!

Semesterstart i Øystese 18. august!

Me håpar alle har hatt ein fin sommar og ynskjer velkomen til nytt semester i Øystese bedehus! Me startar opp med Sundagstreff 18. august kl. 11.00 i Øystese bedehus. Det blir tale v/ leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS), Marit Ådnanes, og TREFF barnesamling. Kaffimat etter møtet! Heile haustprogrammet blir tilgjengeleg i løpet av veka :-).

Følg med på www.bedehusweb.no og ØIM på Facebook for oppdateringar!

Sommarope bedehus i Norheimsund

Som i fjor, blir det sommarope i Norheimsund bedehus tysdagar kl. 20.00 – 21.00. Det blir enkle samlingar med Guds ord og bøn. Velkomen!

Datoar: 25. juni, 2. juli, 9. juli, 16. juli, 23. juli, 30. juli, 6. august og 13. august.