Fakkeltog for forfølgde kristne i Øystese

Andre søndag i adventstida, 9. desesmber, vert det fakkeltog for forfølgde kristne i Øystese. Oppmøtestad er framfor kyrkja. Toget startar kl 18.00. Ruta er lagt om i år, toget vil gå ein runde via Meierihola og gymnaset. I år vert redaktør Johannes Morken frå Stefanusalliansen med. Etter toget vert det servert gløgg på kyrkjetrappa, før lysmessa startar kl 19.00. Arrangørav fakkeltoget er Øystese sokn og Øystese indremisjon.

Julekonsert med Garness 8. desember

Tvillingduoen Garness legg i desember ut på ny juleturné saman med sitt eminente band. Ein konsert med Garness og deira dyktige medmusikantar er kjenneteikna av leiken musikalitet, inderleg formidling og spanande nytolkingar av velkjente julesongar. Systrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad vart introdusert for store deler av det norske folk då dei fekk halde julekonsert på NRK1 sjølvaste veslejulaftan for nokre år sidan. Duoen har fått eit stadig veksande publikum gjennom sine juleturnear og dei synest det er stas at konserten har blitt ein tradisjon for mange. Nokon har prøvd å telje antal instrument som er i sving når Garness og bandet har rigga seg til på scenen, men resultatet er ukjent. Her finn du eit rikt utval strenginstrument med og utan hals, ein imponerende tangentpark som også kunne passa godt på musikkhistorisk museum, alle slags pedalar, velklingande trommer og cymbalar, klokkespel, perkusjon og andre kuriøse e-bayfunn som ein kan riste, trykke eller slå på. Bandet består som alltid av Thomas Gallatin, Tor Egil Kreken og Torjus Vierli. Dette er musikarar frå øverste hylle, også brukt av blant andre Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland og Morten Abel. Dette året legg Garness ein av konsertane sine til Kvam! Laurdag 8. desember held dei konsert i Norheimsund kyrkje. Norheimsund og Øystese Ungdomskor er lokal arrangør og skal også bidra på eit par nummer i konserten. Billettsal: www.ticketco.no eller i døra. Velkomen på konsert!

Sundagstreff i Øystese

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 18. november kl. 11.00. Det blir tale ved Tine Cecilie Wingsternes, allsang leia av forsongarar, dagens profil, kollekt, barneopplegg med kino og enkel servering. Møt opp!

Julemesse

Norheimsund bedehus laurdag 17. november kl. 10.00 – 16.00. Stort utval av matvarer, hobby- og husflidsvarer, varer frå misjonsland. Me har betalingsterminal og Vipps. Kafè open heile dagen. Grautsal frå kl. 13.00.
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Misjonær Linn Merete Urangsæter Peducassé fortel frå Bolivia.
Kl. 14.30: Familiesamling. Andakt v/ Linn Merete Urangsæter Peducassé. Song v/ barnekoret Shine. Åresal og hovudtrekking.
Velkomen!

Arr.: Norheimsund, Øystese og Tørvikbygd Misjonssamband

Basar i Øystese

Torsdag 25. oktober kl. 18.00 arrangerer NMS sin årlege basar i Øystese bedehus. Det vert bl.a. andakt v/ Arne O. Øystese og song av Laudamus. Ta med vener og familie og møt opp!

Pizzakveld

Velkomen til pizzakveld i Øystese bedehus laurdag 13. oktober kl. 18.00! Det blir andakt, aktivitetar, brettspel, quiz, m.m. Alle får sjølvsagt pizza og brus! Pris kr. 100,- (vaksne), 50,- (barn) og 300,- (familie). Det er inga påmelding. Inviter med vener og kjende. Dette er ei t lavterskeltilbod! Arrangør er ØIM.

Rejoice 2018

Velkomen til sekstande utgåve av Rejoice! Konferansen vert arrangert i Øystese bedehus 19. – 21. oktober. Velkomen til møte, konsert, lovsong, bøn, seminar og fellesskap! Årets talar er Lars Magne Ådnanes. Tema er «Følg meg». Rejoice-bandet kjem! Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song. Pris: kr. 250,- inkluderer t-skjorte, konsert og seminar. Dette blir bra!

Ny forbønsteneste

I eit samarbeid mellom Norheimsund Indremisjon og Vikøy kyrkjelyd er ønsket og vona at omsorg og omtanke gjennom forbøn skal bli endå meir tilgjengeleg. Det er berre å nytte tlf.nr. og e-postadr. nedanfor til meldingar til leiar for denne bønetenesta, Audun Aase. Bøneemna vil så bli fordelte mellom forbedarar som har teieplikt, og som over tid vil ta dei med i sine stille stunder. Og denne tenesta er for alt ein måtte kjenne det godt å få dele med nokon som vil stå med i det som er vanskeleg, eller det som ein opplever det er viktig å løfte fram i bøn. Dermed er det ikkje noko som er for lite eller ubetydeleg. Praktisk melder ein då så konkret som råd er, det ein ønskjer forbøn for. Ved bruk av namn er det gjerne greitt å avgrense seg til førenamn, om ein ikkje ønskjer full anonymitet. Ber ein om forbøn for andre, bør ein nok la dei vere anonyme, om ikkje vedkomande har sagt ja til å nemnast ved namn. Dei som sender inn bøneemne, og der ein av tlf.nr. eller e-postadr. kan avlese kven det er, vil bli anonymiserte ved utsending til forbedarane, om dei då ikkje ønskjer å nemnast ved (føre)namn.
Om det kjennest greitt, kan ein gjerne ved høve melde korleis det går eller om forbøna skal få eit anna fokus.
Mobilnr. å nytte er 415 21 905 eller e-postadr.: audun.aase@outlook.com.

Temamøte med Øivind Benestad i Norheimsund

Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid. Kva står på spel? Kva kan vi gjera? Nokre moment og spørsmål som Øivind Benestad vil ta opp på temamøtet i Norheimsund bedehus 16 okt kl 19.30:
For snart to år sidan vart det vedteke i Kyrkjemøtet å opna opp for likekjønna vigselsliturgi og lære om ekteskapet i Den norske kyrkja. To menn eller to kvinner kan no gifta seg i kyrkja. Det tradisjonelle og det nye synet på ekteskapet skal vera likestilte i undervisning og praksis.
Tysdag 16. oktober vert det arrangert eit ope temamøte i Norheimsund om utfordringar og konsekvensar i kjølvatnet av Kyrkjemøtet-vedtaket. Talar er Øivind Benestad.
Øivind Benestad er tilsett som dagleg leiar i Stiftelsen MorFarBarn. Han har tidlegare vore studentprest i Laget i ca 20 år, 10 av desse i Portugal, og seinare informasjonskonsulent i Åpne Dører. Han har vore aktiv i ekteskaps- og samlivsdebatten i samfunn og kyrkje gjennom mange år, blant anna som delegat på Kyrkjemøtet i sju år.
Alle er velkomne til ei interessant samling med spørsmål som desse: Har Bibelen si lære om ekteskapet gått ut på dato? Har barn ein gudgjeven rett til sin eigen far og mor? Kva er utfordringane frå den radikale kjønnsideologien? Kva visste Paulus om homofili? Kvifor er ekteskapet berre for mann og kvinne? Kor viktig er mor-far-barn-relasjonen? Kva kjenneteiknar den radikale kjønnsideologien som i stadig større grad pregar det norske samfunn? Kva er konsekvensane av den nye kjønnstenkninga – i samfunnet og for kristne organisasjonar?

Sundagstreff 2. september

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 2. september kl. 11.00. Det blir tale ved Daniel Gammelsæter, song av Nancy Karine Sangolt, allsang leia av forsongarar, dagens profil, kollekt, barneopplegg og enkel servering. Møt opp!