
Besøk av Batyr Nursen og Stig Magne Heitmann
Søndag 16. mars kjem Batyr Nursen på besøk til Norheimsund. Han vert med på Allesamansamling i Norheimsund bedehus kl. 11.00 og på Framnes om ettermiddagen. Batyr Nursen blei kasta ut av sitt eige heimland, Turkmenistan, torturert og fengsla for si tru. Han blei også svartelista i Afghanistan. Og no får han ikkje lenger innreise i Tyrkia, der han har budd i mange år. Fordi han trur på Jesus og fortel ope om Han. Med seg har han Stig Magne Heitmann som har skrive bok om Nursen si utrulege livshistorie. Boka vart «fødd» på Fosse i Strandebarm nokre få veker før Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Kom og få med deg kva det kostar å følgja Jesus i store delar av verda.
Misjonshelg i Norheimsund bedehus 28. – 30. mars
Fredag 28. mars kl. 19.30: Tale v/Kjell Strømme
Fortel frå sin siste tur til Kenya/ Kapenguria
Laurdag 29. mars kl. 15.00:
Misjonsbasar. Andakt v/Norunn Markhus.
Song av barnekoret Shine.
Kafè, åresal og hovudtrekking.
Søndag 30. mars kl. 11:
Allesamansamling i samarbeid med Norheimsund Indremisjon.
Tale v/Kjell Strømme
Alle hjarteleg velkomne!
Arr.: Misjonssambandet
Medlemsmøte for Norheimsund Indremisjon
Kva tenkjer du er viktig for å realisera visjonen vår?
Tysdag 4. mars kl 19.30 i Norheimsund bedehus
Set av kvelden og ver med å gje retning for fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera!
- Eli S. Tveitane har kort innleiing om arbeidet ut frå satsingsområda i årsmeldinga og semester-tema «Gå og del!» og seier litt om NIM leiarteam som vart etablert i 2023.
- Samtale rundt småborda
- Enkel servering
Velkommen til deling, mat og prat!
Helsing styret for NIM
Årsmelding for Norheimsund Indremisjon 2024

Her finn du årsmelding for Norheimsund Indremisjon 2024.