Eit nytt aktivitets- og skuleår ligg framfor oss. Indremisjonen har no to tilsette ungdomsarbeidarar med ansvar for den praktiske avviklinga og utviklinga av Origo Ungdomsklubb, Norheimsund & Øystese Ungdomskor, KRIK, bibelgrupper/ husfellesskap og andre kreative/ utadretta arrangement. Dette for å nå ut til og bevare ungdommane i Kvam. Me ynskjer å setje ein kurs og finne ut kvar vegen skal gå vidare; Korleis kan me best mogleg utvikla arbeidet i tråd med vår visjon?
«Origo ungdomsklubb vil ha eit dynamisk og inkluderande fellesskap med Jesus i sentrum, der ungdom startar nye liv til engasjerte, smittande etterfølgjarar av Han.»
Fredag 2. september kl. 20.00 inviterer ungdomsarbeidarane til ei informasjonsamling i Norheimsund bedehus. Her får du høyre korleis arbeidet har vore dei siste åra og våre tankar om vegen vidare. Det har vore og er ei utfordring å rekruttere nok leiarar til ungdomsarbeidet. Med dette i tankane vil me gjerne invitere deg til å kome på samlinga og vurdere å engasjere deg til å ta del i arbeidet. Velkomen!