Fredag 13. mai arrangerte Krik Kvam avslutningstur til Krokavatn. Veret var ikkje det beste, men nokre få Krik’arar trossa regnet og blei med. På toppen var det andakt og litt mat før den våte gjengen sette kursen heimatt. Krik ynskjer alle ein god sommar og velkomen tilbake til hausten!