Besøk av Batyr Nursen og Stig Magne Heitmann

Søndag 16. mars kjem Batyr Nursen på besøk til Norheimsund. Han vert med på Allesamansamling i Norheimsund bedehus kl. 11.00 og på Framnes om ettermiddagen. Batyr Nursen blei kasta ut av sitt eige heimland, Turkmenistan, torturert og fengsla for si tru. Han blei også svartelista i Afghanistan. Og no får han ikkje lenger innreise i Tyrkia, der han har budd i mange år. Fordi han trur på Jesus og fortel ope om Han. Med seg har han Stig Magne Heitmann som har skrive bok om Nursen si utrulege livshistorie. Boka vart «fødd» på Fosse i Strandebarm nokre få veker før Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Kom og få med deg kva det kostar å følgja Jesus i store delar av verda.