Vil du bli med på dugnad?
Å drifte eit stort hus er mykje jobb, men mykje kan heldigvis gjerast på dugnad. På denne sida legg me ut små og større oppgåver som kan ordnast på dugnad. Har DU lyst til å bidra med noko av dette? Ring ein ven og gå i gang!
Kontakt Anders Sæleset (90812560/ anders.saleset@gmail.com) eller Vidar Sangolt (92444897/ vsangolt@gmail.com) om du treng utstyr eller tips. Vaskeutstyr er på vaskerommet. Verktøy og maling finn du på verkstaden (bak dametoalettet). Meld frå til Vidar når du har gjort noko, slik at han kan stryka det frå lista.
Oppgåver:
Vindusvask hovudsal
Vindusvask kjellarsal
Vaske kjøkenskap oppe
Vaske kjøkenskap nede
Vaske lister og glaskarmar hovudsal
Vaske lister og glaskarmar sidesal
Vaske lister og glaskarmar kjellarsal
Luke blomebed
Vaske speglar og glas i ytterdørene oppe og nede
Vaske spegelvegg nede
Stramme opp stolar på møterom
Montere brannvarslarar (snakk med Anders el. Vidar)
Sparkle og male lister (snakk med Anders el. Vidar)
Smørje dører som knirkar
Male glaskarmar sidesal
Vaske dør inn til hovudsal