I kveld skjer det! Her på bedehusweb.no kl. 18.30. Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon sender direkte frå Øystese bedehus. Programmet er variert og blir presentert av våre eminente programleiarar Sølvi Mongstad og Geir Johnny Undal. Herdis Austevoll har andakt og me gler oss til å høyre song frå Lisa Grane Hisdal og Nancy Karine Sangolt. Fredrik Gravdal har tørka støvet av tryllestaven sin og det blir intervju med ulike personar.
Video blir lagt ut her på sida og startar nedtelling kl. 18.20 slik at alle har god tid til å koble seg på.