Forsamlingskonferansen som skulle vore i Norheimsund 13. februar, vert digital. Tidsramma er kl. 11.00 – 15.00, inklusive 30 minutt lunsjpause og småpausar.
Du kan følgja konferansane frå di eiga stove, åleine eller saman med nokre få andre. Så er fordelen med digitale konferansar at dei vert lett tilgjengeleg for alle; du slepp å bruka tid på å reisa, og du kan få med deg konferansane same kor du bur. Sjølv om mykje er nedlagt av møte og treffpunkt nett no, er dette ei tid det gjerne er ekstra viktig å koma saman for felles påfyll og inspirasjon. Så er det også ei god tid for å planleggja for framtida.
Her kan du melda deg på til Forsamlingskonferansen: https://docs.google.com/forms/d/1x9JNHIBfxSolg-fxFs0AEwjZ2vhkFKGFJsgWv_nXo9o/viewform?edit_requested=true
Konferansane er gratis, men det vert høve for å gi ei gåve til IMS.
Du vil få link til zoom etter at du er påmeldt.