Morten Samuelsen og Solveig Bartun Rob set fokus på tema «Psykisk helse, tvil og tru» gjennom musikk og refleksjonar. Morten og Solveig har hatt temakonsertar mange stader i landet og søndag 20. januar kjem dei til Norheimsund kyrkje! Dei deler sine historiar gjennom ord og song og snakkar om tema som kan vere vanskeleg å snakke om. Ynskjet deira er å dele erfaringar, tankar og kunnskap med oss.
Morten Samuelsen er songar og er kjent frå blant anna Norske Talenter på TV2. Mange hugsar han sikkert også frå trioen «Morten, Espen og far».
Solveig Bartun Rob er erfaringskonsulent for psykisk helse i Bergen. Ho har også bak seg ein lang karriere som barne- og ungdomsarbeidar i NLM.
Norheimsund kyrkje søndag 20. januar kl. 19.00. Gratis inngang – kollekt. Dette er absolutt verdt å få med seg. Møt opp!
Arr.: Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon