Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid. Kva står på spel? Kva kan vi gjera? Nokre moment og spørsmål som Øivind Benestad vil ta opp på temamøtet i Norheimsund bedehus 16 okt kl 19.30:
For snart to år sidan vart det vedteke i Kyrkjemøtet å opna opp for likekjønna vigselsliturgi og lære om ekteskapet i Den norske kyrkja. To menn eller to kvinner kan no gifta seg i kyrkja. Det tradisjonelle og det nye synet på ekteskapet skal vera likestilte i undervisning og praksis.
Tysdag 16. oktober vert det arrangert eit ope temamøte i Norheimsund om utfordringar og konsekvensar i kjølvatnet av Kyrkjemøtet-vedtaket. Talar er Øivind Benestad.
Øivind Benestad er tilsett som dagleg leiar i Stiftelsen MorFarBarn. Han har tidlegare vore studentprest i Laget i ca 20 år, 10 av desse i Portugal, og seinare informasjonskonsulent i Åpne Dører. Han har vore aktiv i ekteskaps- og samlivsdebatten i samfunn og kyrkje gjennom mange år, blant anna som delegat på Kyrkjemøtet i sju år.
Alle er velkomne til ei interessant samling med spørsmål som desse: Har Bibelen si lære om ekteskapet gått ut på dato? Har barn ein gudgjeven rett til sin eigen far og mor? Kva er utfordringane frå den radikale kjønnsideologien? Kva visste Paulus om homofili? Kvifor er ekteskapet berre for mann og kvinne? Kor viktig er mor-far-barn-relasjonen? Kva kjenneteiknar den radikale kjønnsideologien som i stadig større grad pregar det norske samfunn? Kva er konsekvensane av den nye kjønnstenkninga – i samfunnet og for kristne organisasjonar?