Laurdag 25. november vert det julemesse i Norheimsund bedehus kl. 10.00 – 16.00. Det blir sal av julebakst og matvarer av mange slag, samt og husflids- og hobbyvarer. Kafeen i kjellaren er open heile dagen. Her kan du kjøpe bl.a. gode rundstykke, festkaker og kaffi. Sal av graut frå ca kl. 13.00. Overskotet frå julemessa går til NLM sitt arbeid.
Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 10.00: Julemessa opnar
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Misjonær Marit Andersen fortel frå Bolivia.
Kl. 13.00: Salet held fram
Kl. 14.30: Familiesamling m/ åresal og hovudtrekning. Andakt v/Marit Andersen. Song v/barnekora Shine og Kvam Soul Children.
Kl. 16.00: Messa stengjer
Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband (NLM).