23. september i år er det på dagen 60 år sidan nye Øystese bedehus vart vigsla. Dette ynskjer me å markere med ein songkveld i Øystese bedehus sundag 25. september kl. 19.00. Mannskoret Laudamus, Inger Dysvik, Johs. Waage, Ingeborg Haarr Galtung, Olav S. Tolo og Harald Kjosås vil syngja kjende og kjære songar og salmar. Sjølvsagt blir det også mykje fellessong, kaffi, jubileumskake og jubileumsoffer. Velkomen til nyoppussa sal og ein hyggjeleg kveld!