Det har vore fleire oppussingsprosjekt på bedehuset dei siste åra som har gjort huset innbydande og fint, og no er det kjøkenet sin tur. Det er ikkje gjort særlege investeringar på kjøkenet sidan bedehuset var nytt i byrjinga av 1960-talet. Indremisjonen har pengar på bok til å lage kjøken bak vetlesalen i hovudetasjen, men for å kunne gjere hovudkjøkenet i kjellaren godkjent og meir tenleg, trengst det mykje pengar. Har du/ de lyst å vere med å lage eit tenleg kjøken på bedehuset, er me takknemlege for alle gåver. Me treng pengar til å betale handverkarar og materiale, og me treng pengar for å kunne utstyre kjøkenet (nytt service, glas, bestikk, gryter og serveringsfat). De kan øyremerke gåvene og setje inn pengar på den nyoppretta kjøkenkontoen vår 3530.27.67287.
Perspektivteikning 1 for hovudkjøken
Perspektivteikning 2 for hovudkjøken
Perspektivteikning 3 for hovudkjøken
Perspektivteikning 4 for hovudkjøken
Perspektivteikning 5 for hovudkjøken
Planteikning for kjøken bak småsal
Perspektivteikning 1 for kjøken bak småsal