Lover for Norheimsund Indremisjon

§ 1. ORGANISERING
Norheimsund Indremisjon høyrer til Indremisjonssamskipnaden (IMS), og er gjennom den og innmeld i Indremisjonsforbundet (IMF).

§ 2. FØREMÅL
Norheimsund Indremisjon har som føremål å vekkja og nøra eit sant kristeleg liv i kyrkjelyden. Dette vil indremisjonslaget prøva å nå ved forkynning av Guds ord, ved oppbyggjelege møte med samling om bøn og bibel, ved kristeleg føredøme, kjærleg åtvaring og hjarteleg påminning, slik at Ordet kan nå ut til kvar einskild i kyrkjelyden.
Norheimsund Indremisjon vil i alt sitt arbeid leggja vekt på å utbreie ei rett og sunn lære som er i samsvar med Bibelen og dei evangelisk-lutherske vedkjenningsskriftene.

§ 3. MEDLEMSKAP
Lagslem er den som melder seg inn i laget og betalar dei lagspengar som årsmøtet fastset, går inn for føremålet, ferdast på kristeleg vis og er fylt 16 år. Medlemer som ikkje har betalt lagspengar dei siste 3 åra, misser medlemskapen.
Lever eit lagslem eit ukristeleg liv eller arbeider for ei lære som ikkje er i samsvar med den evangelisk-lutherske, skal styret i indremisjonslaget gje lagslemen påminning på bibelsk grunn. Hjelper ikkje det, kan han ikkje vera medlem i laget lenger.

§ 4. ÅRSMØTET
Årsmøtet skal haldast kvart år til den tid styret fastset, seinast innan 1. mars.
Desse har røysterett på årsmøtet: medlemer i indremisjonslaget, ungdomslagslemer og formann i andre underavdelingar. I store økonomiske saker er røysterettsalderen 18 år.
Årsmøtet handsamar revidert rekneskap og årsmelding, vel formann og styremedlemer og eventuelt leiarar for barne- og ungdomslaga. Det vel òg utval og komitéar etter som det er trong for og gjer vedtak i andre saker som styret legg fram. Saker til årsmøtet skal vera styret i hende innan 30. november. Årsmøtet med sakliste må kunngjerast 14 dagar på førehand. På årsmøtet bør det orienterast om arbeidet i dei andre laga som høyrer til indremisjonen.
Årsmøtet fastset medlemskontigenten og drøftar eventuelt andre spørsmål som har med dei ulike lag i indremisjonsarbeidet å gjera. Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg fleirtal, med unntak av det som er nemnt i § 8.

§ 5. INDREMISJONSSTYRET
Indremisjonslaget vert leia av eit styre på fem medlemer – formann og fire andre. Alle må vera vedkjennande kristne og fylt 18 år. Formannen vert vald for eit år om gongen, dei andre fire styremedlemene for to år, kvart år går det ut to, første år ved loddtrekning. Årsmøtet vel òg tre varamedlemer til styret for eit år om gongen. Styret vel seg imellom varaformann, kasserar og eventuelt andre med særlege oppgåver.
Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. I viktigare saker må forpliktande underskrift gjerast av formannen pluss ein styremedlem.

§ 6. OPPGÅVER FOR INDREMISJONSSTYRET
Styret skal leia arbeidet i laget i samsvar med føremålet (§ 2), og slik at laget så langt råd er, også er til støtte for Samskipnaden.
Styret må vera vake for det som kan gje ein sann vokster, og ta avgjerd om når og kvar dei oppbyggjelege samkomene skal vera. Styret må tenkja vel gjennom kven som skal leia desse. Styret har også på seg å prøva å finna fram til menn og kvinner som Gud har gjeve nådegåver som gjer dei særleg skikka til å arbeida i Guds rike. Når tida er lageleg, skal ein prøva å kveikja mot i desse og oppmoda dei til å arbeida for det målet som indremisjonslaget har sett seg. Dei må få høve til å nytta nådegåvene sine og såleis oppbyggja dei truande – i otte for Herren.
Styret bør føra medlemsliste og syta for at Samskipnaden får melding om formannskifte.
Så langt det let seg gjera skal styret syta for at arbeidet i indremisjonen sine lag og barnehagar vert halde oppe.
Minst ein gong i året skal indremisjonsstyret kalla saman styret/ leiarane for alle laga som høyrer til indremisjonslaget til drøfting og planleggjing av arbeidet.
Styret har ansvar for at det i god tid før kvart årsmøte vert skipa ei valnemnd på fem medlemer. To skal veljast frå styret og tre mellom andre lagslemer.

§ 7. EIGEDOMAR
Styret har ansvar for å forvalta indremisjonen sine eigedomar etter beste skjøn og evne. Særleg omsut er pålagt styret for bruken av Norheimsund bedehus, jfr. eigne reglar for bedehuset.

§ 8. LOVENDRING
Årsmøtet kan endra denne lova med 2/3 fleital. Framlegg til lovendring må vera sendt til styret minst tre månader før årsmøtet. Framlegg til lovendringar må gjerast kjend for medlemene skriftleg 1 månad før årsmøtet. Endringa må ikkje koma i strid med § 1 og 2.

Denne lova bør lesast opp på kvart årsmøte.
Lova vart vedteke på årsmøtet i Norheimsund Indremisjon den 22. januar 1987.