Kvart år reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i vinterferien for å samle inn pengar til eit prosjekt. Dette året går turen til Østfold og Akershus. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i fylka. Base blir på Solbukta Ungdomssenter i Gresvik utanfor Fredrikstad. I år blir det samla inn til eit HimalPartner-prosjekt i Nepal. Prosjektet støttar arbeidet som blir drive mellom psykisk utviklingshemma og mentalt sjuke i Kathmandu, Nepal. Målet er at dei sjuke kan få eit liv der dei blir inkludert i samfunnet og blir respektert som verdifulle menneske. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt.
Turnéplan:
Lørdag 22. februar kl. 18.00: Konsert i Frelsesarmeen Tistedal
Søndag 23. februar kl. 11.00: Koret deltar på gudsteneste i Vestby kirke
Søndag 23. februar kl. 19.00: Konsert i Såner kirke
Mandag 24. februar kl. 20.15: Konsert på Haugetun Folkehøyskole
Tirsdag 25. februar kl. 19.00: Konsert i Askim kirke
Mandag 3. mars kl. 19.30: Konsert i Øystese kyrkje
Det er gratis inngang på alle konsertane. Det blir kollekt til prosjektet.