Onsdag 28. november kjem bandet Pareli til Norheimsund kyrkje for å halde julekonsert. Konserten er ein del av ein juleturne i samband med at Pareli slepp si fyrste juleplate, «Kling no klokka». Bandet består av Arne Pareli Pedersen (vokal), Rune H. Hermundsplass (gitar), Thomas Gallatin (slagverk), Ragnar Løsnesløkken (bass) og Gunnar Melbø (tangentar). Meir info om Pareli finn du her. Konserten startar kl. 19.00 og det blir billettsal i døra. Arrangør av konserten er organistane i Kvam. Velkomen til konsert!