Dersom du er på jakt etter gode ferietips for sommarferien, kan det hende at Lyngdal Bibelcamp er det du leiter etter. Som namnet tilseier; Vi campar i Lyngdal, med Bibelen i fokus. Mottoet for Lyngdal Bibelcamp er: Ferie gir kvile, Guds ord gir kraft. Dersom man tar turen til Lyngdal, får man både kvile i sørlandsidyll og en får påfyll gjennom bibeltimar, møter og konserter. På campen er det opplegg både for borna, ungdommane og dei vaksne, og det er eigne leiarar og lovsongsteam med.
Sjølve campen er open gjennom heile sommaren, men Bibelcamp-programmet heldt på frå veke 27 – 30, altså heile juli månad. Kvar sommar er det fleire 1000 menneske innom. I veke 29 kommande sommar, vert det bidragsytarar frå Øystese Indremisjon med både i lovsongsteam og som leirsjef. Det hadde vore stor stas å få med mange Kvemmingar denne veka dersom det kunne freiste og passe. Når det gjeld overnatting, så er det mogleg med både telt, campingvogn/bubil eller å leie rom/leilegheiter. Booking opnar tidleg i januar.
For meir informasjon: Gje Solveig Hosøy ein lyd, eller sjå: https://www.bibelcampen.no/