Øystese Indremisjon har fått på plass ny forsamlingsarbeidar! Solveig Hosøy er tilsett i 30% stilling frå 1. august. Ho overtek jobben til Vidar Sangolt som har auka stillinga si i administrasjonen i Kvam kulturskule. Vidar held fram med ungdomskoret.
Solveig Hosøy er 36 år og kjem frå Arna. Ho har lang erfaring med forsamlingsarbeid og er eit kjent ansikt i Indremisjonsforbundet (ImF). Kvar sommar er ho leirsjef ved Lyngdal bibelcamp og ho har sju år bak seg som tilsett ved Helgeland folkehøyskole i Nordland. No kjem ho frå jobben som avdelingsleiar på Danielsen Ungdomsskule Frekhaug. Solveig skal også jobbe som lærar ved Norheimsund Friskule og i ein stilling som arrangementsansvarleg i Nordhordland Indremisjon. Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke arbeidet vårt! Arbeidet til Solveig vil bl.a. bestå i å koordinere og utvikle forsamlingsarbeidet i Øystese. Ho kjem til å jobbe tett med styret i ØIM.
Du kan møte Solveig på Sundagstreff i Øystese bedehus 18. august kl. 11.00!
Me ynskjer Solveig varmt velkomen til oss!