Kulturkveld i Norheimsund kyrkje – 1000 år med kristenretten

Forfattar Bjørn Sortland vitjar Norheimsund kyrkje tysdag 3. september kl. 19.00 i samband med den store nasjonale markeringa av 1000 år med kristenretten.

Bjørn Sortland er kjend som ein produktiv barne- og ungdomsbokforfattar, som og nett har gitt ut «Moster iz da thing», ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024 – då Olav den heilage sette ting på Moster.

Boka er lettlest og gøy – trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan, og starten på demokratiet i Noreg.

I Norheimsund kyrkje vil Bjørn falda ut kva som skjedde for 1000 år sidan, men også spør kva følgjer det som skjedde for 100 år sidan har for oss i dag.

Bjørn Sortland er fødd i Bergen og oppvaksen på Svortland i Bømlo kommune. Han er utdanna sosionom og har jobba som forfattar på heiltid sidan 1998. Han studerte ved Skrivekunstakademiet i Bergen i 1990–1991 og debuterte som ungdomsbokforfattar året etter.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken, Kvam bibliotek og Vikøy sokneråd.

Samtaleleiar er biblioteksjef Ragna Helene Soldal.
Arrangementet er gratis og ope for alle.