Anleggsarbeidet med ny vidaregåande skule i Kvam starta opp denne veka. Ei følgje av dette er at bedehuset i Norheimsund no er omringa av byggjeplass-gjerde for at anleggsområdet skal vera sikra. Mellombels tilkomstveg til bedehuset er inntil vidare etablert frå den gamle busslomma og opp mot bedehushjørna, sjå foto. Næraste parkeringsplass vil no vera ved Spar (øvre nivå bortanfor Hardanger Treningssenter/ Mekk). For transport av utstyr som krev bil til hovudinngang på bedehuset, vil hovudport til anleggsområdet måtta nyttast. Opning av hovudport krev nøkkelkort, og Hans Gravdal, Vidar Sangolt, Eli S. Tveitane og Tore Skeie vil ha slikt kort.