1. Alle arrangement skal ha éin leiar for samlinga og éin person som skal sjå til at smitteverntiltak vert gjennomført.
2. Ansvarleg leiar for smittevern passar særleg på følgjande reglar:
a. Folk med luftvegs-symptom skal ikkje delta.
b. Håndvask eller spriting ved inngang og utgang skal gjennomførast av alle.
c. Hald 1 m avstand til dei andre.
3. Éin skal føra registrering av deltakarar med namn og telefonnr. (til foreldre når det er barn som deltek). Ansvarleg leiar tek vare på lista i to veker for evt. smittesporing.
4. Inntil vidare skal det ikkje serverast mat, om ikkje anna er avtala med NIM.
5. Det skal informerast om smittevernreglane for dei frammøtte på arrangementet. Særleg skal det informerast om at viss nokon får stadfesta Covid-19, må dei gje melding til ansvarleg leiar for arrangementet straks.
Ansvarleg for arrangement har følgjande reinhald etter samlinga:
Tørk over med ein godt oppvridd klut med vanleg vaskemiddel/vatn: armlen, dørhandtak, mikrofonar (forsiktig), andre tekniske apparat(forsiktig) og andre flater, samt vaskar på toalett som er brukt. Me anbefalar at ein ikkje brukar toaletta i andre etasjar enn det arrangementet er i.
Me er takknemlege for alle som bidreg for å skapa trygge og smittefrie samkomer på bedehuset! Om de har spørsmål, kontakt leiar Eli S. Tveitane (47 30 89 81).