Det er tid for oppstart på arbeidsplasser og skule/ barnehagar. Ein litt våt, men god sommar er tilbakelagt og me gler oss til å kunna invitera til samlingar på bedehuset. Alt 23. august vert den første allesamansamlinga. Det vert innslag av klubben Kraft RC, presentasjon av dei nye barnegruppe-opplegga og andakt av Arne Øystese. Dette vert ei fellessamling for heile familien. I haust vert det nye opplegg i alle barnegruppene. For dei minste, under skulealder, heiter det «Kort og godt». Eit nytt opplegg frå NLM med bibelforteljing, song og aktivitetar som høver for dei mellom 3 og 5 år. Småskuleborna får opplegget «Sprell levande» frå Søndagsskulen, med opplegg og aktivitetar tilpassa alderstrinnet. For dei som er komen i storskule, 5 – 7. klasse held me fram med «Aldri alene», eit samarbeidsprosjekt for fleire organisasjonar. Aktuelle tema vert tekne opp der. Med dei eksisterande smittevernreglane kan me samla inntil 200 på eit arrangement, men så langt som rommet tillet når me skal praktisera ein-metersregelen. Familiar kan sitja saman utan avstand. Me opnar dørene kl 10.45, då fyller me opp så lenge det er plass i store og vetlesalen. Om folk har hoste, symptom på luftvegssjukdommar eller feber, ber me dei halda seg heime. Alle vert registerte ved inngangen i tilfelle me treng smittesporing. Det er difor viktig om nokon vert sjuke i etterkant /skulle få stadfesta Covid 19, at dei straks melder frå til Eli S. Tveitane, 47 30 89 81. Me vil gjera alt me kan for å skapa trygge møteplasser der smittevernreglane vert respekterte. Ein dugnadsgjeng er i gang med ombygging av galleriet til tumleplass for dei minste (med glasvegg til storesal og høgtalarar slik at ein kan følgja med på programmet). Arthur Strømme leier dugnaden, men han vil gjerne har med seg fleire. Meld frå og bli med! Det skal bli ei god løysing, så støtta gjerne økonomisk. Sjå elles kontonr. på heimesida.
Velkommen til nye samlingar i Norheimsund bedehus denne hausten!
NIM-styret v/ Eli S.Tveitane