Hausten 2020 blir det Gottman samlivskurs i Norheimsund! Nærare bestemt 11. – 12. sept, 22. sept, 29. sept og 13. okt. Å gå på samlivskurs er vel investert tid! Akkurat som bilen treng service, så treng også parforholdet å bli satt fokus på! Dette er eit kurs som egnar seg både for unge og gamle! John M. Gottman er kjent som verdas fremste samlivsforskar, og har forska på over 3000 par i over 40 år. Ut ifrå dette har Gottman funne 7 prinsipp, som ein finn i dei lukkelege parforholda! Har du lyst til å få betre kjennskap til desse 7 prinsippa? Øve på vanar som kjenneteiknar par som held saman? få kjennskap til kva som er faresignal med tanke på skilsmisse? Då er dette kurset for deg og din kjære! Mange tenkjer kanskje at me har det bra slik me har det og ting fungerar heilt ok! Gottman seier at i velfungerande parforhold, unngår ein mykje stress frå konfliktar, og får styrke til å takle stresset ein møter i kvardagen! Det er også bevist at eit godt ekteskap styrkjer immunforsvaret! Så her er det mange gode grunnar til å bli med på kurset! For å nå ei breiare gruppe, har me valt å ha kurset i amfisalen på Norheimsund skule. Men me vonar likevel at mange frå Norheimsund og Øystese Indremisjon vil melde seg på kurset! De finn meir informasjon om kurset her. Og de kan besøkje vår facebookside: Gottman samlivskurs Norheimsund! Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på eller om de kan tenkje dåke å bidra med noko praktisk på kurset! Det går fint an å vera deltakar samstundes! Kontaktinfo: Marta Gravdal 95700418.