Når det meste er sett på pause i ferietida, kan det vera godt å koma saman til ei delestund i bedehuset. Eit enkelt opplegg med å koma saman, dela eit Bibelord og livserfaring, lytta og be i lag, er det me inviterer deg til å vera med på kvar tysdagskveld i sommarhalvåret. Det startar tysdag 30. juni kl. 20.00. Inviter med deg ein ven og kom! «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei», Matt. 18.20.
Velkommen til enkel samling om Guds Ord og bøn!