Laurdag 19. januar kl. 16.00 vert det endeleg bedehusbasar i Øystese. Mykje godt vedlikehald er utført på huset dei seinare åra. Men endå står noko att – som til dømes diverse fornying på kjøkenet. Bedehuset vert mykje brukt – sundagssamlingar, korøvingar, SFO, ungdomsklubben Origo, styremøte o.I. I tillegg til Øystese Indremisjon sitt eige arbeid, vert huset leigd ut både til private og til organisasjonar. Med tanke på så allsidig bruk, er det viktig at kjøkenet er oppdatert og godkjent. Til dette arbeidet trengst det midlar. Håpet er at basaren vil føra til inntekter som er viktig for å vedlikehalda og driva Øystese bedehus på ein god og framtidsretta måte. Ta ettermiddagskaffien på bedehuset denne dagen. Ver velkomen!