Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 12. november kl. 17.00. Det blir andakt av Anne Merete F. Vik, song og musikk ved husorkester og forsongarar, dagens profil, konkurranse/ leik, kollekt, misjonsinfo, allsang og fellesskap. Sundagstreff er ei vidareføring av storsamlingane som me kjenner frå før. Det er ei samling for store og små, yngre og eldre. Det blir felles møtedel først, så eige opplegg for borna medan dei vaksne har sitt opplegg. Etterpå blir det enkel servering i sidesalen. Velkomen til Øystese bedehus!