Laurdag 19. november vert det julemesse i Norheimsund bedehus. Det blir sal av julebakst og matvarer av mange slag, samt og husflids- og hobbyvarer. Kafeen i kjellaren er open heile dagen. Her kan du kjøpe bl.a. gode rundstykke, festkaker og kaffi. Sal av graut frå ca kl. 13.00. Overskotet frå julemessa går til NLM sitt arbeid.
Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 10.00: Julemessa opnar
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Eldbjørg og Kjell Strømme fortel frå Kenya. Song av Øystese Aspirantkor.
Kl. 13.00: Salet held fram
Kl. 14.30: Familiesamling m/ åresal og hovudtrekning. Song av barnekoret Shine.
Kl. 16.00: Messa stengjer
Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband (NLM).