Sist veke var det 47 ungar mellom 6 og 11 år på Junior Ving. Det er kjempeflott! Men me er for få leiarar! Kan DU tenkje deg å bli med som leiar? Oppgåva vert i hovudsak å berre vera til stades som vaksen, og å bidra med hjelpande hender på dei ulike aktivitetane. Dersom nokon ynskjer meir ansvar er det sjølvsagt råd å få til det og! Aktivitetane me har er foto, matlaging, forming og lego. Når det er så mange ungar, får me ikkje alltid snakka med alle, så det òg er ei viktig oppgåve: sjå dei og prata med dei! Junior Ving har samling i Norheimsund bedehus annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30. Ta kontakt med Mirjam Eide Gravdal (41087544) dersom du kan tenkje deg å vere med.