Norheimsund og Øystese Ungdomskor reiser dette året på turné i påskeferien. 18. – 23. mars turnérer koret i Vest-Agder. Base blir på Undeland Misjonsgård, ikkje langt frå Lyngdal. NØUK skal ha konsertar i Eiken, Vennesla, Kristiansand og på Konsmo. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 17. mars kl. 19.30. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Gratis inngang – kollekt til koret sitt misjonsprosjekt i Kenya (KRIK). Velkomen!
Konsertar turné 2016:
Norheimsund kyrkje torsdag 17. mars kl. 19.30
Eiken bedehus lørdag 19. mars kl. 19.30
Vennesla frikirke søndag 20. mars kl. 11.00
Konsmo kirke mandag 21. mars kl. 19.00
Søm kirke, Kristiansand tirsdag 22. mars kl. 19.00
Ungdomskoret og turnéen kan du fylgje på facebook.