Som kjent er det vedteke å fornya bedehuskjøkenet. For å få ned kostnaden ynskjer me mest mogeleg gjort på dugnad. Då treng me dugnadsfolk, og me håpar at du kan vera med å delta – på din måte. Oppstart vert onsdag 6. januar 2016. Me vil ha 2 faste dugnadskveldar i veka: Onsdag og torsdag kl. 17.30 – 20.30, med kaffipause kl. 19.00. Dei som har høve til det kan og arbeida på dagtid. Me legg til grunn at mange kan delta, slik at innsatsen kan fordelast og arbeidet gjennomførast snøgt. Du må sjølv bestemme kor mykje. Meld ifrå (jo før jo heller) til Olav Helleve, tlf. 911 22 640 eller: rag-he@online.no. Sei ifrå om nokon av dei faste dagane ikkje høver, og om du også kan arbeida på dagtid. Kan nokon stilla med kaffi / kaffimat kl. 19.00? Når me får deltakaroversikt fordeler me styrken på dugnadsdagane framover. Arbeidsoppgåvene vert naturleg nok varierte; riving, snikring, maling m.v. Vel møtt! Husstyret i NIM. Her kan du sjå teikningar av nytt kjøken.