IMS-jubileumsrevy til Norheimsund 27. september!

Plakat revy Stord og Norheimsund_ENDELEG_FERDIG copyDå Indremisjonssamskipnaden (IMS) feira 150 års-jubileum på Husnes i slutten av juni, starta ein feiringa med Jubileumsrevyen «Glimt i auga og gløtt av himmel». Det er Ryfylke Livsgnist, med Tor Øyvind Skeiseid i spissen, som har skrive revyen, medan sjølve framføringa tok lokale amatør-skodespelarar seg av. Både alvoret og humoren gjekk rett heim hos dei som hadde møtt opp i ein fullsett Husneshall. Ein fekk på mange måtar oppleva nett det som stod skrive i IMS sitt blad IndremisjonsVenen i forkant; «Me gler oss til ein kveld der me veit at me både kjem til å kjenna klumpen i halsen, og få le saman.» Lokalavisa Kvinnheringen sin meldar hadde dette å seie om revyen: «Aktørane på scenen tok oss med i ulike tidsepokar av den 150 år lange misjonshistoria. Det vart ei, bokstaveleg tala, salig blanding av bedehusmiljø, forkynning, song, musikk og reinspikka galskap.»

No i september er det klart for to ekstraførestillingar av Jubileumsrevyen. Først ute er Kulturhuset på Leirvik laurdag 20. september. I Norheimsund blir førestillinga i Norheimsund idrettshall laurdag 27. september kl. 18.30. Billettar kan kjøpast hjå c)optikk Bjelland AS eller på billettservice.no.

Sjå her for meir info.