Bedehusbasaren i Norheimsund blir i år fredag 26. september. Bedehuset har vore gjennom store oppussingar, men det er planar for vidare arbeid. Det skal kjøpast inn nokre nye møblar, det er planar om å kjøpa nytt flygel og kjøkenet treng veldig til ei oppussing. Midlane som kjem inn på bedehusbasaren er difor sårt tiltrengte i arbeidet på bedehuset vårt. Basarkvelden blir det andakt ved Arne O. Øystese. Det blir åretrekning og hovudtrekning. Mellom gevinstane på hovudtrekninga finn me festbunad for jente, gutebunad og ein iPad. Gevinstar til åretrekkinga kan leverast på basarkvelden, men har du gevinstar til hovudtrekninga, er det fint om du tar kontakt med leiaren i basarnemnda, Øyvind Kleven på tlf. 95851974 eller epost oyvind.kleven@kvamnet.no. Velkomen på basar!