Reingjeringa av Norheimsund bedehus er gjort på dugnad i over 20 år. Mange har vore med heile tida. Nokon har slutta, nye har kome til. I sum har talet gått ned. I dag deler 30 personar på oppgåva. 2 i lag, 2 – 3 timar 2 gonger kvar veke, dvs. med 15 veker mellom kvar gong. Arbeidsmengda varierer etter aktiviteten i bedehuset. Etter at me fekk teppefliser i vår vert det meir støvsuging og mindre mopping, noko som lettar arbeidet. Me er svært takksame for dei som brukar av fritida si til dette arbeidet. Men me ynskjer oss fleire medarbeidarar, slik at det vert litt lenger mellom kvar gong. Dugnadsarbeidet sparer truleg indremisjonen for godt over kr. 100.000 i året, som laget elles måtte skaffa. Har DU høve til å delta i dette dugnadsarbeidet? Ta kontakt med Olav Helleve, tlf. 911 22 640, eller epost: rag-he@online.no