Evangelisering i Norheimsund

4. – 5. mai arrangerte Origo evangeliseringshelg i Norheimsund. Me hadde besøk frå Open Air Campagniers og inviterte til møte fredag og laurdag. I tillegg til dette hadde me laurdag eit evangeliseringsseminar og påfølgande gateevangelisering i Norheimsund. I løpet av dei tre timane me brukte i Grova denne laurdagen fekk me oppleva alle årstidene om ein annan. Dette gjorde det heile til tider utfordrande, men desto kjekkare når sola først kom. Omlag klokka 12.30 passerte den første snøbyga og i løpet av tre minutt klarna dei heilt opp. Me hadde like før bede Jesus om å stilla stormen for oss, og bønesvaret vart meir konkret enn me kunne tenkt oss.


Dei neste minutta kom det i alle fall ingenstadsfrå plutseleg mykje meir folk enn det hadde gjort den første timen og me kom i samtalar, delte ut vaflar og inviterte folk til møtet om kvelden. Etter ei stund sette evangelist Hartvig Kloster i gang sitt opplegg. Han forkynte evangeliet klårt og tydeleg på ein humoristisk og kreativ måte som folk forstod og stoppa opp for å få med seg. Då evangeliet var forkynt og ufordringa til omvendelse gjeven, kom me i fleire samtalar og fekk til slutt be for ein ung mann som hadde eit svært vanskeleg forhold til sin eigen familie. Han var oppvaksen i ein kristen heim i Bergen, men hadde sidan tatt avstand frå kristendommen. Han hadde framleis ei tru sjølv om han tydeleg «levde livet». Det at me fekk be for og velsigna han, var stort. Hugs på han i dine bøner. Elles vil me som var med få sei at det var veldig kjekt og utfordrande å gå ut av «komfort-sonen» med evangeliet og faktisk dela og vitna til menneske som kanskje ikkje får høyra Guds Ord andre plassar. Fleire av oss vart fornya, oppmuntra og inspirert til å halda fram med å vitna til ufrelste, slik at fleire kan få høyre dei gode nyhendene om at Jesus lever! Vær med å be om at denne vekkinga i enkelte hjarte kan spreia seg og skapa i oss ein ny brann etter å nå bygdene våre med evangeliet.