Det er snart klart for niande utgåve av ungdomskonferansen Rejoice. Rejoice 2011 går av stabelen 28. – 30. oktober i Norheimsund bedehus. Evangelist Tor Ingvald Lauvrak er årets talar. Han er 33 år, kjem frå Askøy og er tilsett som forkynnar i IMF. «Jeg brenner for at ungdom skal få
møte Jesus. Da er det fantastisk å være et sted der det blir lagt til rette for
dette.» Tema for årets konferanse er «Frihet».
Paul Grønseth skal vere lovsongsleiar. Paul er lovsongsleiar i Ungfila i Oslo. Bli betre kjent med han i denne artikkelen henta frå iTro (NLM).
På Rejoice vert det møte, seminar, kafe, fotball- og volleyballturnering i Norheimsund idrettshall, lovsongskonsert med Paul Grønseth og konsert med koret Gospel Bergen. Her finn du meir info om Rejoice 2011!
Følg Rejoice på facebook.